Teater

Eit individ blant seks millionar

Lyrisk-musikalsk monoteater varmar trass i det tragiske.

Anitra Terese Eriksen spelar rolla som den unge Ruth.
Anitra Terese Eriksen spelar rolla som den unge Ruth.
Publisert Sist oppdatert

Mykje på grunn av Jan Erik Volds vørdnad og interesse for lyrikarkollegaen Gunvor Hofmo (1921­–1995) har vi òg vorte klare over lagnaden til kjærasten hennar, den jødisk-austerrikske flyktningen Ruth Maier. Dei to evnerike kvinnene fekk to år i lag i Noreg. Så vart Ruth Maier arrestert og send med lasteskipet «Donau» til Auschwitz, som ein av 529 jødar. Ho kom ikkje att. Dette hende 26. november 1942.

80-årsmarkering

Jødisk Museum i Oslo markerte 80-årsdagen for hendinga siste helga i november. Sundagskvelden denne helga kunne museet presentere premieren på ei teaterframsyning, hovudsakleg bygd på Ruth Maiers dagbøker, som i stor mon vart redda og bevarte etter Gunvor Hofmos død. Ho hadde gøymt på dei.

Over ein tiårsperiode, frå tidleg på trettitalet til byrjinga av krigen, får vi via skodespelar Anitra Terese Eriksen følgje ei reise med ei kreativ, glad ungjente full av framtidsplanar og kunstnardraumar, uforferda trass i tøffe tider, der ho må forlate heimlandet og dra til Noreg og ei høgst usikker framtid. Møtet med Gunvor mognar henne og styrkjer sjølvkjensla hennar, endå om Gunvor ikkje er eit lett menneske å leve saman med. Noko tyder på at dette berre gjer Ruth endå sterkare.

Ettertenksamt

Anitra Terese Eriksen går med smilande glød inn i rolla som den unge Ruth, slik ho framstår av dagboknotata, og i kommenterande mellomstikk gjev ho dempa, ettertenksame uttrykk for tragedien bakom det heile. Her får vi også nydeleg formidla nokre av dei finaste verselinene til Hofmo, skrivne av eit menneske som berre så altfor sterkt vart merkt av krigen. Georg Reiss på klarinett bidreg med atmosfærisk illustrerande tonefølgje, det svingar verkeleg mellom skodespelar og musikar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement