Bok
Eit liv i lengt
Anne Rivenes skriv lågmælt og overtydande om ei som aldri slapp til.
Anne Rivenes er debutant.
Foto: Bonnier
Anne Rivenes (f. 1969) frå Voss er av årets debutantar, godt vaksen. Ho er sauebonde med bakgrunn i journalistikken, og diktsamlinga Nåden. Ormen og lammet, er eit langdikt med ein episk tråd frå 1925 til 1975, delt inn i femårsbolkar. Her møter lesaren Marta som ein slags biografisk forteljar om eit liv på andre sin nåde. Dikta er laust bundne opp til ei kvinne Anne Rivenes kjende i barndommen.
Harde vilkår
Det er eit liv forankra i det gamle bondesamfunnet og i det hierarkiet som rådde der, og Marta veks opp under harde vilkår: Ho er født med hareskår og ein hofteskade, ho mistar tidleg mora, faren er ikkje der, og Marta og halvsøstera Olga blir sette bort hos nær slekt, der dei må ete nådens brød, eller Naadsensbrød, som danskane seier, og som også er tittelen på ei novelle av nobelprisvinnaren Henrik Pontoppidan (1857–1943).
Men der Pontoppidan skreiv samtidslitteratur med djup sosial indignasjon, forankra i naturalismen, skriv Rivenes med god tidsavstand til det ho formidlar, og den sosiale indignasjonen er dempa og skriven inn i religiøse tankemønster kring synd og soning, skyld og straff retta mot den einskilde, ikkje mot ein økonomisk orden som held dei svakaste nede.
Trøyst i arbeid
Likevel ser Marta sin eigen situasjon: «Dørene i vår nye heim er vrange/ å opne for oss som bur på nåde», registrerer ho alt som barn, og dørene opna seg aldri for Marta, sjølv om ho i mange og lange år var i teneste som ei slags reservekone hos ein gift bonde i bygda: «alt ditt har eg levd i/ alt ditt/ er framleis berre ditt». Ho eig ingen ting, og mot slutten kan ho gjere opp status over eige liv: «Marta/ er namnet mitt/ kva anna eig eg enn det/ ei rad attlatne dører/ eit ljosglimt og eit mektig myrkre/ alt som kunne ha vore/ og lengt/ etter nåde og fred.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.