Bok
Eit minnesmerke over bonden Inga
Det er kvinna på bokomslaget eg vil høyre om: Inga Selsjord, fødd Eide, i kvardagsbunad, med bestemt hoftefeste og smil i augo.
Inga er bonden på Selsjord like sør for Otta, ho levde frå 1884 til 1971 og er hovudpersonen i Knut Selsjords lokalhistorie frå Nord-Gudbrandsdalen – Sel, Nord-Fron og Ottadalen. Vi møter svært mange andre som levde i denne delen av landet på 1800–1900-talet, men det er eit godt grep å skape spesiell interesse for eitt livsløp og éi slekt, i dette tilfellet forfattarens eige.
Ein vårdag i 2016 ryddar Knut Selsjord på loftet. I ei skipskiste finn han ein bunke av farmoras brev frå kjærastar, slekt og venner. Som journalist slår det han at her er ei historie. Breva er inspirasjonen, og han teiknar eit detaljrikt kart av bygdesamfunn på 1800–1900-talet, inkludert eit rikt fotomateriale.
Samstundes streifar han langt og vidt, til nasjonen, verda, den økonomiske og teknologiske utviklinga. Det var eit storhende da jernbana kom til Otta i 1896, ho vart ynskt velkomen av dei fleste. Men Ivar Kleiven, ein av dei fremste pionerane blant bygdebokforfattarane, og som også får sin plass i boka, skreiv om «denne fordømte by- og banekulturen».
Samstundes dreiv han turisme på setra si i Ottadalen og måtte vedgå at det var takk vera det nye togsambandet. Men at Gudbrandsdalen nå er blitt eit moderne industrisamfunn, slik vaskesetelen hevdar, er neppe tilfelle, dersom du da ikkje reknar turisme som industri.
Utvandring
Selsjord skriv medrivande om utvandringa til Amerika, som var spesielt stor frå norddalsbygdene. Vågå, Sel og Heidal hadde 7659 innbyggjarar i 1865, og ein meiner at rundt 4000 reiste til Amerika dei neste 40 åra. Det er mange ulike lagnader, han følgjer dei over havet, enkelte tilbake til Sel, andre som aldri meir spurdest.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.