Bok
Eit ope sår
Sverige har sitt Palme-drap. Noreg har attentatet mot forlagssjef William Nygaard som sitt opne sår. Odd Isungset gir oss ei nyttig og veldokumentert påminning om det.
Forlagssjef William Nygaard blei skoten og alvorleg såra utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo 11. oktober 1993.
Foto: Jon Eeg / NTB
I desse dagar er det 30 år sidan skota mot William Nygaard fall i Dagaliveien. Men det er berre eit år sidan Salman Rushdie blei knivstukken i Chautauqua i USA og blei blind på det eine auget. Attentatmannen i USA var 24-årige Hadi Matar. Han vaks opp i USA, men blei radikalisert.
Dødsdommen mot forfattaren og forleggarane hans er skremmande aktuell. Isungset gir ei imponerande og heilskapleg framstilling av historia heilt frå fatwaen blei framsett. Som gravejournalist har han vore med i granskinga nesten heilt frå starten. Dette er ei lærebok i godt journalistisk arbeid frå ein mann som har vore grenselaust uthaldande i nærare 30 år. Det fortener respekt.
Undervegs har han laga prislønte dokumentarar for TV 2, og dette er den tredje boka han skriv om temaet. Her er det endå fleire detaljar om spora som aldri blei følgde opp frå politiet si side. Tabbane er mange, og forfattaren legg ut om dei. Kva underleg rolle hadde til dømes dåverande Frp-politikar Jan Simonsen, som var venn av ein av dei som blei sikta tidleg?
Samstundes evnar Isungset å sette saka inn i eit større perspektiv. Som lesar følgjer vi Isungsets arbeid med saka fram til i dag, med tallause krav om innsyn og funn av nye spor. Han møtte mykje motstand, også frå kollegaer i pressa, men han gav seg aldri. Det er denne kampen som gjer boka til spennande lesing.
Krav om drap
På valentinsdagen i 1989 blei kjærleiken markert over heile den vestlege verda. Samstundes kom det ei melding frå iranske ayatolla Khomeini som rima dårleg med denne kjærlege tradisjonen. Då kom den berømte fatwaen, eller dødsdommen, mot Salman Rushdie og forleggjarar som gav ut boka, og omsetjarane deira.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.