Bok
Eit poetisk livsprosjekt
Ei fascinerande samling av hans eigne artiklar markerer 100-årsdagen for fødselen til Asbjørn Aarnes.
Asbjørn Aarnes vart fødd på Vågbø på Nordmøre i 1923 og var professor i europeisk litteraturhistorie.
Foto: Tom Sandberg
Asbjørn Aarnes var aktiv som skribent frå 1950-talet og heilt til siste leveåret, som var 2013. Slike antologiar av tekstar frå eit liv kan stundom verka litt tilfeldig samanraska. Men det er ikkje tilfellet her.
Etter som ein les, fell bitane på plass. Det er snakk om eit heilt livsprosjekt, og dei ulike delane heng nøye saman. Det grunnleggjande prosjektet handlar om å forstå kva poesi er. Det gjer han eit ambisiøst forsøk på å skapa ei forståingsramme for i boka Det poetiske fenomen frå 1963. Som tittelen seier brukar han ei fenomenologisk tilnærming. Den har han dels tileigna seg frå fransk filosofi, som han kjende godt, og dels frå Emil Boyson, som var ein filosofisk velorientert poet. Aarnes plasserer dikt ein stad mellom tingen og språket om tingen; diktet er noko anna enn tingen det handlar om, men det kan heller ikkje skildrast berre lingvistisk. I mellomrommet mellom desse skaper det ein annan kvalitet, og ei anna vereform, der ord og tema smeltar saman. Når dette skjer, blir diktet, med hans eige uttrykk, «ugjensigelig», det kan ikkje omsetjast til andre typar språk.
Stadig utvikling
Ei slik forståing oppstod i ei bestemt tid. Humaniora var pressa av scientismen, som ville gjera alt til naturvitskap og tabell. Difor fann Aarnes sin plass saman med humanistar som Wyller og Skjervheim, som rydda rom for det spesifikt menneskelege, for ånd og humaniora. Kring det poetiske fenomenet oppstår det eit filosofisk rom, og ingen kan som Aarnes skissera opp linjene frå antikken til dagens situasjon i nokre få, treffande setningar.
Han utvidar perspektivet vidare til modernismen. Han er ein klassisk orientert lesar og skrivar, men tekstane hans tilhøyrer den modernistiske, særleg den franske, symbolistiske retninga. Av norske poetar var han mest oppteken av dei fransk-inspirerte, som Boyson og Gill, men han strekte perspektivet bakover til Welhaven og framover til Jacobsen og Eidslott. Han var nok mest heime i den tidlege modernismen, kulturelt stod han fjernare frå den politisk inspirerte modernismen frå slutten av sekstitalet.
Men han var heile tida i utvikling. Og då han på eit Skjervheimseminar på Stalheim fekk ei oppfordring om å skriva om Olav Nygard, tok han utfordringa. Han skreiv ei heil bok om Nygard. Der sameinar han dei perspektiva han utvikla i møte med symbolismen, med ei ny interesse for den nynorske, og dermed også den norrøne, tradisjonen. Det er tre store tradisjonar i Europa, skriv han. Det er den jødisk-kristne forteljinga, dei greske omgrepa, og så er det den nordiske tradisjonen, som dyrkar togna, som han skriv. Det som spring ut av togna, det tause, blir ein annan måte å forstå det poetiske, ugjenseielege på. Det er fascinerande å sjå korleis han les Nygard opp mot den symbolistiske lyrikken, slik at lyset breier seg begge vegar; dei forklarer kvarandre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.