Bok
Eit stort formidlingsarbeid
Ingar Sletten Kolloen har utvida grunnforteljinga om Noreg under krigen med trebandsverket sitt.
Ingar Sletten Kolloen har tidlegare skrive biografiar om mellom andre Knut Hamsun, Joralf gjerstad og dronning Sonja.
Foto: Morten Brun
I norsk historieskriving om den andre verdskrigen er «grunnforteljinga» eit innarbeidd omgrep som særleg blir tatt i bruk om ein skal kritisere historieskrivinga for å vere prega av perspektiva til motstandsrørsla og heimefronten. Utan at han nyttar omgrepet, kan også Ingar Sletten Kolloens trebandsverk Under krigen sjåast som eit forsøk på å utvide grunnforteljinga til også å inkludere emne som har fått for lite merksemd i okkupasjonshistoria fram til dei siste åra.
Sjølv om også Kolloen har med mykje om motstandskampen, kontrasterer trebandsverket mellom anna det forfattaren påstår på eit tidspunkt var ein «klart pasifistisk» (!) tendens hjå delar av heimefrontleiinga i møte med den tyske okkupasjonsmaktas heilt reelle evne og vilje til represaliar, med til dømes den meir aktivistiske innretta motstanden frå kommunistane i krigens mellomfase.
I tillegg legg Kolloen prisverdig nok også stor vekt på å fortelje historia om menneske som tidlegare har vorte gjevne ein mindre framståande plass i krigshistoria, som kvinner, born og ikkje minst dei norske jødane.
Vekt på Finnmark
Forfattaren gjev dessutan stor plass til hendingane i Nord-Noreg, blant anna nedbrenninga av Finnmark og dei katastrofale konsekvensane dette fekk for sivilbefolkninga i nord. Han prøver samstundes å setje hendingane inn i eit større strategisk og storpolitisk bilete der Noreg trass Hitlers «skjebnesone»-retorikk og invasjonsfrykt etter kvart vart eit nokså marginalt frontavsnitt.
Kolloens uttalte ambisjon med verket har vore «å bruke det enorme, skriftlige krigshistoriske kildematerialet til å gi en mest mulig mangefasettert framstilling» av okkupasjonen 1940–45. Her må det påpeikast at Kolloen eigentleg i liten grad gjer seg nytte av krigshistorisk kjeldemateriale, men snarare hovudsakleg nyttar den omfattande litteraturen om krigen, rett nok også inkludert trykte kjelder som dagbøker, memoarar og liknande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.