Bok
Eit storverk er kome i hamn
Forlag og alle medarbeidarar fortener mykje åtgaum for Flatøyboka.
Flatøyboka ligg føre i seks band.
Foto: Saga Bok
For første gong sidan verket vart skrive ned på Island i 1380-åra, er samleverket Flatøybok utgjeve i ei folkeutgåve i seks band på norsk.
Dei to siste banda ligg føre, blant dei den storslegne og truverdige soga om Håkon Håkonsson teikna ned av Sturla Tordsson. Ho er ikkje fortald med den kunstnariske svipen som nokre av ættesogene eig, ikkje minst i Heimskringla av Snorre Sturlusson, men er drivande god journalistikk, ei samtidssoge om haldningar og kongefilosofi, om krig og fred frå 1200 til 1267, og ikkje minst om det norske samfunnet i den første helvta av 1200-talet.
Det siste bandet presenterer også ei soge som er mindre lesen og mindre kjend, nemleg soga om Harald Hardråde, som tvillaust står i gjeld til Snorres forteljing om Harald, men er meir mangslungen og auser av andre kjelder enn Snorre, også dei som kan forføre ein lesar.
Nasjonalklenodium
Men for all del. No er det berre å heve glaset og slå på skjolda for Saga Bok forlag, både for tiltaket og for dei mange levande innføringane undervegs, om bakgrunnen for dette verket, om opphavssoga til det, om dei ulike innfallsvinklar, og ikkje minst om teoriane om kva årsaka var til at Jon Håkonsson tok initiativet til å få skrive ned sogene og samle dei.
Flatøybok er eit islandsk nasjonalklenodium og eit norsk eit også. Det vart ført heim som eit sigerstrofé frå København etter verdskrigen, medan folk jubla. Kan hende er det ein myte at Jon Håkonsson lét det skrive ned som eit slags kongsspegel for den norske tronarvingen til trona, Olav Håkonsson, som døydde som 18-åring i 1387. Utgjevarane skal ha ros for at dei i siste boka dreg inn vitnemål som svekkjer den tidlegare teorien og gjer han mindre truverdig enn den gongen dei byrja å sjøsette verket. Men i alle fall opnar lesinga av Flatøybok eit storfelt og fengjande historisk utsyn mot Grønland og landa lenger vest, mot Orknøyane og jarlane der ute, mot Færøyane og Hjaltland, i det heile mot vegen vestover i det store havet. Verket er ei skinande krønike over vesthavsveldet meir enn over Noreg, der dei sogene som frå før er mest kjende, er fletta inn og lyser i vevnaden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.