Bok

Eit varsel om ei utvikling på avvegar

Det eineståande er at ein stortingsmann, politikar og røynd Ap-mann vandrar i byen blant folk flest og opnar auga våre.

Publisert

Jan Bøhler er kjend for arbeidet sitt med ungdom i drabantbyane, særleg dei med innvandrarbakgrunn, som han meiner langt på veg er fanga i eit nett som hindrar mange av dei retten til å velje eigen livsveg, kjærast og dei normene om fridom og humanisme som er ein del av vår felles arv. Difor skriv han, med hjelp av journalist og forfattar Einar Haakaas, om tvangsekteskap og mannsdominans, om familievald og ungdomsgjengar, om klankultur og ein kultur bygd på ei mistydd oppfatning av kva ære inneber. Han auser av eiga røynsle, og vandringa gjennom Groruddalen, Ellingsrud, Tøyen og Holmlia vert difor ei personleg ferd skriven med medkjensle og solidaritet.

Bøhler samtalar med ungdomane i gjengane, med ungdomsleiarane, med politiet, med fedrane, mødrene, brør og systrer av dei som anten blir ramma av vald eller sjølv utøver vald. Han vev også inn minne om eigen oppvekst, som var prega av det same samhaldet, sjenerøsiteten og pågangsmotet som eg kjenner frå min eigen barndom på Kampen i 1950-åra.

Må lære norsk

Bøhler er oppteken av det språket mange av dei lærer seg som barn, og som mange pedagogar og politikarar også har meint dei skulle ha som fyrste skulespråk, særleg i 1970- og 1980-åra, og som difor vart innført som eit kraftfullt andrespråk mange stader, mellom anna i osloskulen.

Bøhlers credo er at barn fyrst og fremst må lære seg norsk, og lære det så godt at dei meistrar det som sitt eige idiom, slik at det vert så uttrykkssterkt, nyanserik og smidig at barna ved hjelp av det kan meistre den kompliserte røyndomen som yrkeslivet og samfunnslivet i dag krev av oss alle. Språket må gi makt og sjølvstende, ikkje avmakt og framandkjensle. Difor må alle institusjonar nyttast i innlæringa av norsk: barnehagane, venekrinsen, skulen, idrettsplassen, fritidsklubbane. Dersom ikkje det skjer, vil ungdomen tileigna seg ein innskrenka og nyansefattig kode. Dei blir skuletaparar, droppar skulen, fell utanfor og driv inn i gjengane og kriminaliteten. Derfor er samværet for ikkje å seie samlivet med norsktalande så viktig.

Bøhler kjem ikkje bort frå, skriv han, at kriminaliteten blant dei unge med innvandrarbakgrunn er større enn blant ungdomen sett under eitt. Men samstundes understrekar han at det er gale å skjere alle over ein kam. Det er store forskjellar mellom dei ulike etniske gruppene, og i alle fall utgjer dei kriminelle ungdomane, også i dei mest utsette innvandrarmiljøa, berre eit lite mindretal. Dei fleste vert gagns menneske både for seg sjølve og for andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement