Film
Eksplosjonar i hovudet
Ein har ikkje vondt av å utfordra tankemønstera sine, særleg ikkje når det er underhaldande i tillegg.
Når Billy (Vic Carmen Sonne) og Nilo (Silvana Imam) møtest, blir det kjærleik ved første blikk.
Foto: Norsk Film Distribusjon
Danske Billy (Sonne) jobbar og heng med dei kule venene i bufellesskap i Oslo. Dei tek dop og ligg rundt, men når ho treffer Nilo (Imam) på ein rave-fest, får ho trua på at den eine rette kanskje finst.
For Nilo, derimot, finst det mange, så Billy må utfordra synet sitt på kva eit fast forhold er. Må det eigentleg vera så fast når det kjem til stykket?
Mang slags kjærleik
«Det finst åtte typar kjærleik», er dei fyrste orda som blir sagde i filmen. Det er Billy som reflekterer, både som frampeik og som tilbakeblikk, viser det seg. Ho og Nilo får fort eit spesielt band, og det ser idyllisk ut der dei svingar rundt om i eit sommarvarmt Oslo med og utan is i hand, eller avslappa slengde på ei uoppreidd seng medan Nilo røyker ut vindauga og Billy kjærleg stryk henne over huda.
Intimiteten er ikkje til å ta feil av, det er gryande kjærleik på gang – kva for ein av dei åtte typane kjærleik? Om det var opp til Billy: den varige sorten. Når då Nilo fortel om dei ulike forholda sine, er det ikkje til å stussa over at kjenslene rasar over Billy. Kva er problemet med fleire partnarar? Vel, ein god start er å fortelja at dei er fleire. Neste steg må nesten bli å etablera kva typar kjærleik ein kan leva med – saman. Det skal visa seg å bli ei kaotisk øving.
Drivande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.