Bok

Eld og glans, blod og strid

Sverresoga og Soga om orknøyingane representerer to høgdepunkt i den norrøne litteraturen, og dei følgjer på kvarandre i det fjerde bandet av Flatøybok, som nå er kome ut.

Illustrasjonane er laga av Anders Kvåle Rue.
Illustrasjonane er laga av Anders Kvåle Rue.
Publisert

Både som litteratur og historisk kjelde er sagaene eit levande vitnemål om krig og strid, om hemn og kjærleik, om gamle livsmåtar og nyare livssyn, eit verk det knapt finst maken til. Den skotske diktaren George Mackay Brown gjev i si bok Letters from Hamnavoe døme på dei udøyelege augneblinkane i Soga om orknøyingane som lyser opp i minnet hans. Det er forteljinga om Torv-Einar, den mistrudde og forakta sonen som mørejarlen Ragnvald fekk med ei trælkvinne, og som nærast vart kjeppjaga ut til øyane. Men han hemna drapet på far sin Ragnvald ved å risse ei blodørn inn i ryggen på drapsmannen hans, som var sonen til sjølvaste Harald Hårfagre. Og Torv-Einar berga seg vidare uskadd frå alle åtak og stridar som det uhyggelege drapet på kongssonen førte med seg.

Svik som straffa seg

Vi les også gjerne om Sigurd Digre som sveik skottejarlen, drap han og lét hovudet hans hengje ved salknappen sin medan han rei frå staden. Men hovudet daska mot låret til Sigurd, og den store framtanna til skottejarlen rista eit sår der som det gjekk verk i og tok livet av den svikefulle.

Pilene svirrar og krigsropa gjallar. Fremst i striden mot irskekongen Bryan går ein annan jarl som også heiter Sigurd. Det er hundre år seinare, i 1014, at det mest vidgjetne slaget i irsk mellomalder fann stad. Det er merkesmannen Sigurd som løftar banneret med ramnen, og ramnen lover han siger. Men både Sigurd og dei fleste nordmennene døyr i den heite og sogeomspunne striden.

Sigurd etterlèt seg fire søner, og i den bitre og hatefulle maktstriden mellom dei er det sonen til den skotske kongsdottera – den yngste av dei fire, Torfinn, svartskjeggete, stygg og valdeleg, men også lovkunnig og slu – som vinn til slutt.

Torfinn er den store herskaren frå ca. 1020 til 1066, lovgjevar og tingbyggjar, krigarkonge og korsfarar. Han byggjer ein katedral på ei av øyane. Han reiser eit administrativt sentrum, innset ein bisp, dreg til Jerusalem og Konstantinopel og legg under seg eit rike som omfattar Orknøyane, Hjaltland, Suderøyane, store delar av Nord-Skottland og Vest-Skottland og ei tid også Dublin og dei søre områda i Irland.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement