Musikk
Elegant orkester
Puccinis messe er operamusikk i kyrkjebunad.
Domkyrkja i Lucca, der Puccini-familien gjennom generasjonar var organistar.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Giacomo Puccini (1858–1924) er i dag kjend for eviggrøne operaer som La Bohème og Tosca. Men eigentleg var han etla til organist- og kyrkjemusikaryrket. Han kom frå eit to hundreår gamalt musikardynasti i Lucca, der forfedrane hans hadde vore organistar og musikkdirektørar ved domkyrkja San Martino. Også Puccini blei som 15-åring organist i heimbyen, men tre år seinare førte ei skilsetjande oppleving han på andre tankar. I nabobyen Pisa høyrde han Giuseppe Verdis (1813–1901) opera Aida, og «då eg høyrde operaen, kjende eg at eit musikalsk vindauge opna seg for meg», skreiv han seinare.
Likevel fullførte Puccini utdanninga si ved Lucca-konservatoriet. Som skikken er i Italia, feira byen store og påkosta helgenfestar fleire gonger i året. I samband med ein slik fest i 1878 var det at ei «Credo»-tonesetjing blei urframført, og to år seinare integrerte han denne i ein fullstendig messekomposisjon i høve slutteksamenen hans ved konservatoriet.
Berre menn
Denne Messa a 4 voci con orchestra (seinare kalla «Messa di Gloria») er fyrste verket på dobbeltalbumet til den dyktige tyske kordirigenten Hans-Christoph Rademann, som byr på kyrkjemusikk av to operakomponistar. Puccinis messe ber bod om operaverksemda hans, for koret blir akkompagnert av eit fullskala romantisk orkester, som «luktar» sterkt av scenemusikk. I tillegg er der soloparti for mannlege songarar, for berre menn kunne den gongen syngja i kyrkja. (Sopranane i Rademanns kor skulle difor, om framføringa skulle vore historisk korrekt, vore gutesopranar.)
Innspelinga er gjort live, med applaus. Både orkesteret og koret læt kraftfullt. Særleg imponerer den dynamisk-plastiske måten Rademann får koret til å frasera på, med nyansar som den gode lydkvaliteten på innspelinga får tydeleg fram. Her finst korfugar og andre tradisjonelle kyrkjemusikkformer, men dei rytmisk-pompøse korpartia dominerer, med elegant orkesterakkompagnement som kling som forkledd opera.
Arkaisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.