Musikk
Elektroakustisk vellyd
Slagverkarane Zach og Rabbia sameinar akustisk og elektrisk lyd på fruktbart vis.
Slagverkaren Ingar Zach er eit velkjent namn for kjennarar av improvisert musikk. På denne plata møter han italienaren Michele Rabbia, som tidlegare har samarbeidd med Jan Bang og Eivind Aarset.
Zach og Rabbia har eit noko uvanleg instrumentoppsett i dette prosjektet: Dei deler slagverkinstrument og elektronikk. Verken plateomslag eller presseskriv fortel om dette er improvisert eller nøye førebudd musikk. Men uansett er det veldig fokusert og stramt komponert. Det vert dvelt ved små nyansar i lydbiletet, og dei er sparsame med verkemidla på den måten at dei aldri fell for freistinga til å overlessa uttrykket – noko som er lett å gjera når ein har ein såpass rik klangpalett tilgjengeleg.
Klangleg sett er dette interessant fordi me veit at dei akustiske slagverkinstrumenta er kopla til elektronikk, men ein kan ikkje alltid høyra kva som er akustiske lydar, og kva som er elektronisk handsama. Lydbiletet vekslar mellom det mjuke og dronete til det kvasse og aggressive.
Men produksjonen er heile tida luftig. Det er som å koma inn i eit rom der det er godt å vera. Dessutan er balansen mellom dei akustiske og elektriske lydane så godt integrert at det aldri kjennest som nokon motsetnad. Ein vert ofte nyfiken på korleis alle desse forunderlege lydane vert laga, og eg vil tru det er ei stor oppleving å sjå Zach og Rabbia i aksjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.