Bok
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Det skal liksom karakterisera folk negativt når ein omtaler dei som lukkejegerar, men det er vel heller få ulukkejegerar i verda, med unnatak av folk på jakt etter martyrpoeng, men dei finn jo lukka i ulukka.
I den nye boka til Birger Emanuelsen møter me mange ulike personar, kvar i si soge, på sett og vis, sjølv om nokre av sogene er meir omfattande enn andre. Her er det ein del korte skisser, til dømes den heller beiske «Til svigerfar», om Ingemar som har planen klar for løynleg feiring om og når svigerfaren endeleg er borte. Ei anna skisse er om fiskaren Gjever som fiskar på ein heilag plass, får ei mengd sjøaure, men også ei nise, og som får straffa for misferda si når han kjem til land.
Det er likevel i dei litt lengre forteljingane lesaren finn mest å festa seg ved. Mellom dei er det nokre som står fram som særleg interessante. Desse tekstane har ulike tema, men dei liknar kvarandre på det viset at handlingane til personane karakteriserer dei, slik at dei ikkje treng skildrast ved utsjånad eller påstandar om eigenskapar. Dei er, det er det viktige.
Godt blikk
I ei av forteljingane grip mannen i teksten eit krus frå eit skap, på kruset står det noko slikt som «Verdas beste far», og det kruset har kona til mannen kjøpt til han som julegåve frå borna, ei jul då det berre var dei to i huset. Då var truleg ungane store og utflytta, men det seier teksten ingenting om. Heller ikkje om desse borna visste om gåva. Dette er berre ei ørlita sak som ein fort kan oversjå, men også eit døme på det blikket Emanuelsen har for personane sine.
I nokre av tekstane kan ein ane ei uvisse som hovudpersonen kjenner andsynes andre, til dels også eit trugsmål. Menn er stundom litt skumle og ubegripelege i desse tekstane, ein er ikkje sikker på kva dei kan finna på, og dei ser nokre gonger ut til å ha ein slags intuitiv idé om at lovene og reglane som ordnar menneskelivet, ikkje er heilage, dei er i grunnen berre påfunn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.