Bok

Enklare eventyr

Ti av våre mest kjende og kjære folkeeventyr er samla i Min eventyrskatt. Det første oppslaget er eit vakkert blad for namnetrekket til eigaren. Utgjevinga er i det heile prega av eit sjølvpålagt, edelt ansvar for å gje eventyrskatten vidare til neste generasjon.

I forordet legitimerer Hans Olav Brenner dei språklege endringane han har gjort med at Asbjørnsen sjølv oppmoda om å sørge for ei tilpassing til «sprogfølelsens voksende sans for det hjemlige i vendinger, uttrykk og foredrag».

Brenners ordval og setningsstrukturar gjev eventyra eit oppdatert og meir munnleg preg. Gyldendal spenner likevel forventningsbogen for stramt når dei kallar utvalet ei gjendikting. Som lesar går ein på leit etter kva som er tilført, kva den nye, sjølvstendige kvaliteten består i. Dei språklege endringane gjer lesinga enklare, men ikler ikkje tekstane fornya litterær verdi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement