Teater
Er Nina Lykke satirikar?
Den skarpe livsstilsromanen vert merkeleg klisjéaktig teater, trass i flotte prestasjonar.
Mari Hauge Einbu, Ingunn Øyen og Anders Mordal i framsyninga på Riksteatret.
Foto: Erika Hebbert
Forfattaren Nina Lykke er for tida ein av våre mest lesne og populære novelle- og romanmakarar. På finurleg vis verkar det som ho har knekt koden med omsyn til å skildre det velfødde Velferds-Noreg og oss individa som lever her. Ho er morosam, men ho har sjølv hevda bestemt at historiene hennar slett ikkje er meinte som parodi eller satire. Ho skriv om menneske og samfunnet av i dag slik ho opplever at det faktisk er.
Styrken hennar er, naturleg nok, sjølve den personlege forteljarrøysta. Ho høyrer naturleg heime mellom permane og berre der. Likevel grip teaterfolk etter ho, truleg på grunn av dei spanande personskildringane. Desse skildringane er svært markante i romanen Nei og atter nei. Og no går teaterversjonen av denne på Riksteatret.
Stram teatertekst
Liv Heløe, som har dramatisert romanen, har snikra ein stram teatertekst med ein god logisk flyt. At dei tre ulike synsvinklane i boka ikkje får like jamn kraft på scenen, er truleg ikkje Heløe si skuld. I boka skifter fokuset frå kapittel til kapittel mellom mannen, kona og «elskarinna». Dei tre framifrå skodespelarane Ingunn Øyen, Anders Mordal og Mari Hauge Einbu gjer i mange sekvensar uttrykksfulle teikn på personar i livskrise.
Det er til dømes fascinerande å sjå Øyens imploderande reaksjonar når den trygge kvardagsrutinen rivnar, og likeins treffande er Mordals terapiutgytingar som går over i «jibberish» (tullespråk). Men sidan dei alle tre i tillegg til å framstille hovudpersonane også skal spele meir eller mindre karikerte bipersonar, tappar det ut ein del av krafta i kjernekonflikten.
Profesjonelt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.