Erindringskunst
Michael Ondaatje skriv lysande om det mørklagde.
Krigslys er ein roman med mange kvalitetar og nyansar, magisk og gjennomlyst på same tid
Foto: Aschehoug
Av og til dukkar det opp noko du rett og slett blir fjetra av, noko som fengslar deg på ein måte som lyser opp og legg i skugge, plantar tvil og hentar fram ei sanning som like gjerne er ei kalkulert løgn om ein oppvekst i tidleg etterkrigstid i London og Suffolk nordaust for hovudstaden. Eg snakkar om Michael Ondaatjes siste roman, nyleg utgitt på norsk i solid omsetjing ved Ingrid Haug.
To søsken i tenåra blir forlatne av foreldra og overgitt til ein leigebuar med ein nokså eksentrisk omgangskrets. Det er 1945, krigen er over, det sivile livet vender tilbake, men foreldra er borte, og når dei spør, får dei aldri svar. Dette forsvinningsmysteriet blir omdreiingspunktet i romanen, og ein forstår etter kvart at foreldra, i alle fall mora Rose, er knytt til britisk etterretning slik også leigebuaren Walter er det og heile denne kretsen som opererer med dekknamn, falske identitetar og skjulte agendaer.
Identitet og minne
Denne koplinga til agent- og spionromanen er meisterleg integrert i ein roman som eigentleg handlar om identitet og minne, for forteljaren Nathaniel skriv om mora i ettertid, i 1959, mens han arbeider i etterretningtenesta sitt arkiv, og her finn han delvis svar på ting mora aldri snakka om etter at ho vende tilbake til familien og før ho blei drepen av agentar av ukjent opphav.
Krigslys er ein roman med mange kvalitetar og nyansar, magisk og gjennomlyst på same tid, poetisk og presis, der djupe personskildringar stråler i eit overlys av psykologisk innsikt og teft for kven som passar på kven, utan at nokon veit eller heilt forstår kva som skjuler seg bak dei grepa som blir tatt for å beskytte dei to tenåringane. For ein forstår etter kvart at nokon passar på i kulissane, at nokon er der utan å gje seg til kjenne samtidig som både Walter eller «Møllen» og «Lynet» er som farsfigurar for den unge og søkande Nathaniel.
Dramatikk og spenning
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.