Teater

Etter ei seksuell oppvakning

Ei intens og til dels medrivande framsyning, som den forenkla regien stundom driv over grensa til det monotone.

Gjertrud Jynge spelar den vaksne kvinna og Gina Bernhoft Gørvell den unge i dramatiseringa av romanen til Linn Ullmann.
Gjertrud Jynge spelar den vaksne kvinna og Gina Bernhoft Gørvell den unge i dramatiseringa av romanen til Linn Ullmann.
Publisert

Utgangspunktet for denne framsyninga, som for den nokså sjølvbiografiske romanen ho byggjer på, er enkelt, men samstundes uhyre krevjande. Det er tale om ei 55 år gammal, litt depressiv kvinne som ser attende på ei livsdramatisk, kanskje eksistensiell, hending som skjedde då ho var 16 år. Ungjenta reiste frå mora i New York og til Paris for å la seg fotografere av ein motefotograf som hadde «oppdaga» henne. Han er 44 og lokkar henne til sengs med seg.

Noko av det djervaste i boka – og ein styrke i den sceniske framsyninga – er at hovudpersonen som vaksen våger å sjå attende på det som skjedde nesten 40 år tidlegare utan å framstille seg sjølv som eit einsidig offer. Ho er open for at ho kan ha ønskt det som skjedde, ho gøymer seg ikkje bak metoo-maska, men ser at også hennar eige begjær og trong for å bli sett og trådd etter, kan ha verka med til dei røynslene ho som vaksen byrjar utforske.

Forenkling

Forenkling og til dels abstrahering er særmerke ved regiarbeidet til belgiske Luk Perceval. Her kjem det til uttrykk både ved at berre to personar er til stades på scena, og ved at sjølve scena er ei skråstilt, rektangulær plate med eit svart hol i midten, også det rektangulært. Der dels sit dei, dels beveger seg ikring og freistar unngå å ramle utfor.

Gjertrud Jynge speler den vaksne kvinna, som heile tida leitar i sitt eige minne for å gjenskape og forstå det ho opplevde. Gina Bernhoft Gørvell tolkar fleire av dei andre figurane i romanen, både dei tvilsame «kulturmennene» som utnyttar jenta på ulike vis, og dei lite forståingsfulle kvinnene. Ho blir ein versjon av «Skyggesøsteren» i boka.

Kompromisslaust

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement