Etterlysing og turné

Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.

Else Hagen: «Bundet» (1989), olje på lerret. Nasjonalmuseet (kjøpt frå Blomqvist Nett­auksjon i 2023).

Kunst

Eit initiativ frå Håkon Bleken var første steg på vegen for utstillinga Else Hagen. Mellom mennesker. Eit omfattande leitearbeid, mellom anna med avisannonsar for å finne kunstverk i privat eige, har gradvis gjort vandreutstillinga mogleg.

Else Hagen markerte seg tidleg som ein lovande kunstnar innan figurativ modernisme. Alt før ho var uteksaminert frå Oslo kunstakademi, fekk ho tre verk utstilte på Haustutstillinga i 1936. Etter andre verdskrig vann ho fleire store utsmykkingsoppdrag, til dømes i Stortingets trappehall og Haugesund rådhus.

Hagen er dermed ikkje ein kunstnar som først no blir oppdaga, men ho stod like fullt i fare for å bli gløymd. Noko av forklaringa ligg i at det er lenge sidan arbeida hennar er viste fram i ei stor utstilling, og at mange samtidige kunstsamlarar vurderte verk av kvinnelege kunstnarar som usikre investeringar.

Parallelt med at nolevande kunstnarar jobbar for å etablere seg, varierer det kva for eldre kunstnarar notida hentar fram frå historia. Hagen er ein av kunstnarane som utan tvil blir gjenoppdaga no. I løpet av få år har verdien til måleria blitt firedobla, og Nasjonalmuseet kjøpte nyleg inn måleriet «Bundet» (1989) på auksjon.

Undertone

Tidleg i karrieren jobbar Hagen mest med måleri og grafikk, men som ung mor fekk ho dei første store utsmykkingsoppdraga rundt om i landet. Ho skildra at vegen blei til medan ho gjekk. Som jente hadde ho ikkje sløyd på skulen, og ho lærte seg snikring og sveising etter kvart som ho trong det. Ofte måtte ho ha barnepass. Andre gonger tok ho med seg minstemann der ho jobba. Barnehagar fanst ikkje enno, og i periodar hadde ho atelieret heime. Situasjonen var langt frå ukomplisert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement