Bok
Europeiske krigar vi aldri forstod
Sylo Taraku skriv augneopnande om krigane etter den kalde krigen.
Sylo Taraku flykta frå krigen i Kosovo og kom til Noreg tidleg i 1990-åra.
Foto: Joseph Pessar
Denne boka er eit verkeleg krafttak. Delar av henne må ha vore tunge å skrive, som dei mange hjarteskjerande forteljingane om oppløysinga av Jugoslavia og krigane mellom ulike regionar og sidan republikkar der.
Samstundes forstår vi litt betre det vi aldri skjøna før. Vi avskreiv læringsprosessane vi burde hatt, sjølv om vi har late folk utsetje liv og helse i somt av det som her er skildra. Vi har avskrive det meste med å tenkje at gamle motsetnader alltid låg der og ulma. Dermed har vi ikkje skjøna kva rolle aggressiv nasjonalisme, religion og internasjonale spenningar har hatt. Dette får vi no betre innsyn i.
I sommar var eg i Kroatia, preika med folk som eg plar der eg fer, og opplevde då den sorgsame lengten og gleda i røysta og augo til eldre menneske. Nett same kjensla som ved slike høve kraup inn i sjela, vart no vekt til live under lesinga i førstedelen av boka til Taraku.
Gjensidig mistillit
Leikande og fortruleg kappestrid i sport og kultur og gjensidig respekt i samarbeid prega i hovudsak stemninga i det gamle Jugoslavia, då Taraku var gut, og då Tito insisterte på samarbeid og samhug på tvers – såleis at alle unge menn måtte gjere hærteneste andre stader enn i eigen region.
Di hardare, dermed, å lese om dei grufulle cenane som utspela seg så mange stader etter at Milosevic tok over. I staden for samhald og gjensidig forståing, sterk understreking av ulikskap og ulike interesser, med oppbygging av gjensidig mistillit. Med det resultatet at det under borgarkrigane utspela seg dei mest utenkjeleg grufulle scener, med tortur og forfylging.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.