Bok

Fall og vekst i Sør-Atlanteren

Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Publisert

Ernesto Tornquist (1842–1908) var ein søkkrik argentinsk bankier av svensk ætt. Banken og forretningsimperiet hans var involvert i det meste av det som talde under den argentinske økonomiske gullalderen for hundre år sidan. Og eitt område er spesielt interessant for oss nordmenn. Banco Tornquist finansierte det første norske oljeeventyret: kvalfangsten og produksjonen av kvalolje med base på øya Sør-Georgia.

Denne historia er utgangspunktet for den siste essaysamlinga til Morten Søberg, og viser den fremste styrken hans som skribent: evna til å trekkja overraskande liner og finna spennande samanhengar der lesaren minst ventar det. Som økonomifagets svar på Erika Fatland ferdast Søberg utanfor allfarveg – lærd og nerdete på grensa til det pedantiske, i senterpartistisk tru på at små, perifere samfunn òg kan visa fram universelle sanningar.

Og denne gongen er det altså Argentina og dei to små restane av det britiske imperiet, Falklandsøyane og Sør-Georgia, som er tema for den nær hundre sider lange essaysamlinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement