Bok
Fargerikt om utanforskap
Ildhjerter er ein kjenslerik gresk tragedie i britisk-pakistansk samtidsdrakt.
Kamila Shamsie skriv om utanforskap.
Foto: Zain Mustafa
Det er ei linje frå ein Ane Brun-song som brenn seg fast i tankane mens eg les Ildhjerter: «I guess I’m too scandinavian». Ildhjerter handlar om nasjonalitet, identitet, rasisme; behandlinga av desse emna er den sterkaste sida ved boka. Men ho handlar òg om dei store kjenslene, kjærleik og familieband, og òg litt om religion. Og det er her Ane Brun-låten kjem til meg; det blir berre litt for mange fargar for meg. Men her er det nok den trauste, norske smaken min det er noko gale med, heller enn boka.
Antigone
At boka er ei omskriving av Sofokles’ Antigone gjer det nærast melodramatiske aspektet lettare å svelgje. Romanen er delt inn i fem delar, fem synsvinklar: storesøster Isma, venen hennar Eamonn, veslebror Parvaiz og den vakre tvillingsøstera hans Aneeka, som etter kvart òg er kjærasten til Eamonn, og far hans – Karamat – som er Storbritannias innanriksminister. Det kan høyrast ut som det blir mykje å halde orden på, men Shamsie gir dei god plass, slik at vi blir kjende med alle fem. Det er spennande å sjå handlinga frå så ulike perspektiv.
I den greske tragedien er Antigone kvinna som krev at broren Polyneikes skal bli gravlagd, noko herskaren Kreon nektar grunna måten han døydde på. Kreon har ein son, Haimon, som er trulova med Antigone. Og så er det storesøstera Ismene som held seg meir i ro. I Ildhjerter spelar Aneeka rolla som Antigone, Parvaiz er Polyneikes, Karamat er Kreon, Eamonn er Haimon og Isma er Ismene. Handlinga er òg sprøtt lik den 2500 år gamle «originalen» – det er eit stilig stykke arbeid.
Aldri britisk nok
Romanen startar idet Isma møter hindringar då ho skal reise til USA. Ho er førebudd på forhøyret på Heathrow, men det er likevel ikkje kjekt å bli stoppa berre fordi ein har pakistanske foreldre. «Men ser du på deg selv som britisk?», er eit av spørsmåla ho får av politiet. Når er ein person med anna opphav britisk – eller norsk – nok til å ikkje bli sett på som annleis? Kor mange generasjonar skal til?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.