Film

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).
Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).
Publisert Sist oppdatert

Romy (Kidman) er administrerande direktør i eit stort selskap som sel robotar. Ho har stor suksess. Då Esme (Wilde) presenterer nye praktikantar, skil ein kjekkas seg ut. Samuel (Dickinson) er uvanleg direkte i ord og handling.

Romy er fascinert. Heime har ho den kjærlege mannen Jacob (Banderas) og to kule, frie tenåringsdøtrer. Førebiletet Romy har nok å tape på ein skandale.

Mønsterelevar

Det er sex frå starten. Etter ei økt med mannen sin forsvinn Romy til datamaskina og framhald som tyder på at ho tenner på ein tøffare tone. Teaterregissøren Jacob seier tidleg at Hedda Gabler ikkje er driven av attrå, men er sjølvdestruktiv. Orda kvernar etter kvart som Romy tek større sjansar med unge Samuel. Spenninga er sterk mellom lysta hennar og helterolla for aspirerande kvinner.

Nicole Kidman vekslar sjølvsikkert mellom sterk direktør og kvinne på randen av sosialt samanbrot. Harris Dickinson er ikkje berre eit pent andlet, men glimtar til med nyansar, sjølv om rolla er enklare. Filmen har tempo, trykk og nerve.

Jasper Wolf held i kamera på alle dei tre filmane til Halina Reijn, etter bragda si med colombianske Monos. Det er tett og flott. Låtar av Robyn, INXS og Le Tigre luktar lyst og leven. «Father Figure» med George Michael er forstyrrande taima.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement