Film
Fem nyansar av Thompson
Den engelske grande dame ber ein lettbeint film om nyting og moral.
Nancy Stokes (Emma Thompson) lengtar etter eventyr, menneskeleg kontakt og sex. Leo Grande vert spela av Daryl McCormack.
Foto Nick Wall / Ymer Media
Ein ung mann (McCormack) slentrar ned gata og sjekkar at han ser staseleg ut i vindauga. Samstundes stressar Nancy (Thompson) framom spegelen på eit hotellrom. Ho har nyss blitt enke. Han bankar på og introduserer seg som Leo Grande. Ho har betalt. Den pensjonerte læraren har aldri kjøpt sex før. No skal ho freiste å oppleve nyting tiår med ekteskap aldri leverte.
Arvesynda
Emma Thompson er sjølvsagt enormt solid i hovudrolla. Ho er seg sjølv lik, men er ekstra nervøs, pertentleg og påståeleg samstundes. Figuren hennar er både enkel og samansett. Ho unner seg å nyte, men skammar seg over alderen sin. Tankar om at sonen er keisam, kan kanskje passe like godt på henne sjølv. Det frilynte som ligg til grunn for premissen i filmen, gnissar mot kva ho tenker om elevar med korte skjørt. Daryl McCormack spelar òg godt som ung mann med ei klar, profesjonell haldning til yrket som sexarbeidar.
Nesten heile Good Luck to You, Leo Grande går føre seg på hotellrommet. Filmen er sterkt dialogdriven. Samtalane sveivar innom ei mengd frustrasjonar og fordommar. Moralisme står for fall. Alle vil kjenne seg attråverdige. Alder, kjønn og økonomi kan alle skape maktforhold knytt til sex. Regissør Sophie Hyde rører òg respekt og grensesetjing på fleire sett med teft. Rett som det er kjem vittige ordvekslingar. Mykje er venta innslag, frå kvinneguidereferansar til lærarfantasiar. Det siste byr Nancy komisk imot.
Glansbiletet
Nancy er oppteken av at fantasiane hennar ikkje inneber noko sært. Filmen målber såleis seksualiteten til kvinner som ser på seg sjølve som vanlege, og aldri har hatt eit tilfredsstillande sexliv. Medan filmhistoria er gjennomsyra av det mannlege blikket og plar pleie fantasiane til dei dominerande figurane i bransjen, appellerer altså denne filmskaparen til lysta hjå eit anna publikum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.