Kunst

Fengjer breitt, treffer hardt

Per Inge Bjørlo er fødd i Spjelkavik i 1952, og oppvekståra på Sunnmøre skulle bli viktige for det kunstnarlege uttrykket. Såleis er han på heimebane når han fyller Jugendstilsenteret og Kube med dramatiske og urovekkjande verk.

«Vaksensenga» (2011). Utsnitt av installasjonen.
«Vaksensenga» (2011). Utsnitt av installasjonen.
Publisert Sist oppdatert

Store glasbrot stikk ut av bordduken. Slanke og kvasse som knivar står dei klare til å spidde middagsgjestene. Tittelen på denne nådelause installasjonen er «Velkomen heim». Verket er så enkelt utført at det kunne blitt opplevd som ganske tamt om det var plassert i eit tradisjonelt museumslokale med kvite vegger. Men ikkje her det står no. Bjørlo laga verket særskilt for den ærverdige matstova i den tidlegare Apothekergaarden, teikna i 1807 av Hagbarth Schytte-Berg (1860–1944).

Dette er noko av det flotte som skjer når ein tek eldre bygg i bruk som utstillingsareal. Gjer ein det på rette måten, vil rommet – konteksten, om du vil – spele med og gi næring til verket. Og det er litt av ei ramme han har fått for verket sitt. Apothekergaarden er gjennomført i ein rikt ornamentert og påkosta jugendstil, inspirert av norsk mellomalder. Også møblane i denne matstova er teikna av arkitekten sjølv. Ser ein nærare på dei handskorne stolane, har dei silhuetten av ei ugle, eit symbol for visdom som går att fleire stader i huset.

Etter at Jugendstilsenteret flytta inn i Apothekergaarden i 2003, vart matstova pussa opp. Til vanleg har rommet eit bord dekt til eit festmåltid. I samband med denne store separatutstillinga Glas, jord, eld har Per Inge Bjørlo teke regien over middagen. Svinga lysestakar, roser og elegant forma stetteglas er erstatta med ein naken duk med glinande, utstikkande glasbrot. Det er lett å la seg dupere av det vakre rommet og oversjå dei dødelege, gjennomskinlege glasbrota. Bjørlo klarer såleis med eit enkelt grep å skape bilde av ei samkome som skulle vise seg å verte vond og vanskeleg.

Kroppsleg oppleving

Karakteristisk for verka til Bjørlo er at vi opplever dei med magen, som ei kroppsleg kjensle. Denne evna til å verke så sterkt på oss, er det få andre samtidskunstnarar som har. Han borar seg djupt inn i smertelege menneskelege relasjonar av den typen vi alle kan kjenne att. Samstundes maktar han å formidle sinne og ubehag utan at det tippar over i sjølvmedkjensle eller klagerop.

Bjørlo har i mange intervju framheva korleis ein utfordrande barndom vart drivkraft og retning i kunsten. Han voks opp i ei brytingstid i ei bygd som på utsida var prega av industrieventyr og auka velstand, men som på innsida kunne vere heilt annleis. Sjølv levde han saman med foreldre som drakk, og som ikkje makta å byggje opp ein trygg heim. Gjennom kunsten løftar Bjørlo dei smertefulle kjenslene opp til noko heroisk, og han viser korleis ein kan bere med seg, i staden for å verte broten ned.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement