Festspel
Musikalsk massepsykose
Eit nyskrive klassisk signalverk som Magnar Åms Kimen er nett det festspela treng.

Ein brei scene er bygd opp på tvers av Propellhallen i Volda, ein stor industrihall med etterklang som i ein katedral. Scenegolvet, der instrumentalistane er sentralt plasserte, hellar oppover, noko som er eit gamalt perspektivtriks som gjev inntrykk av djupn i scenebiletet. Over er det reist ein raud overbygning som minner om ein vestlandsk låve eller ei nordlandsk rorbu.
Og framføre alt dette dei fullsette stolradene med festspelpublikumet som er kome for å oppleva noko så sjeldan som ein stort dimensjonert nynorsk opera, med ein libretto bygd på ein av dei dystraste nynorskromanane frå førre hundreår: Kimen, Tarjei Vesaas’ gjennombrotsroman frå 1940.
Den einskildes anger
Operapremieren førre fredag var ei sterk oppleving, både musikalsk og dramatisk. Komponisten Magnar Åm har makta å skriva eit verk der musikken og orda er vovne så tett saman at dei er blitt eitt. Vesaas-romanen han har teke føre seg, tematiserer spørsmål om massepsykose og kollektivskuld: Den unge mannen Andreas Vest (sungen av tenoren Eivind Kandal) kjem som framand til ei lita, idyllisk øy som hyser eit fredsamt gardssamfunn. Men når ei ung jente blir funnen drepen, oppstår det lynsjestemning, og den framande blir drepen.
Men det går ikkje lenge før øyfolket angrar seg. Dei går i seg sjølve på leiting etter noko som legitimerer illgjerningane dei har teke del i – fånyttes. I Åms tonesetjing var dette høgdepunktet – den veldige, stille angeren til dei einskilde. Men i erkjenninga av at dei alle har kimen til galskap i seg, veks ein ny kime fram, nemleg evna til å gjera godt.
Sans for timing
Åms breie palett når det gjeld komposisjonsteknikkar og -stilar gjev eigenart til kvar av dei 24 «kapitla» i operaen, med ein timing som får handlinga til å flyta naturleg. Han greier på kort tid å etablera og byggja opp musikalske stemningar, som – før lufta går ut or dei dramatisk – blir avløyste av nye stemningar. Og så er det generalpausane, stadane der heile musikarapparatet brått teier. Desse gjev meining til tesen om at «pausar òg er musikk».
Musikarstaben var sett saman av både profesjonelle og amatørar. Av dei profesjonelle solistane gjorde særleg den kraftige bassrøysta til Magne Fremmerlid inntrykk, han som song rolla som Karl Li, far til lynsjemobbleiaren Rolv Li. Det store koret av kystbønder (sett saman av tre kor frå Ørsta og Volda) var verknadsfull, for sidan scenen var så brei, kom lyden frå alle kantar. At koristane er sunnmøringar, merka ein på volumet.
Lommer av notid
Eit nyskrive klassisk signalverk som Åms Kimen er nett det ein festival som Dei nynorske festspela treng på programmet. Å få i stand ein urpremiere av så stort format kvart år, er urimeleg å krevja. Men om den kunstnarlege kvaliteten er så høg som ved årets verk, kan også enklare musikkdramatiske komposisjonar gje oss like sterke inntrykk.
Viktig blir det då å velja like solide og aktuelle litterære tekstar som den Åm her har teke utgangspunkt i. Ikkje det at tekstane treng vera nyskrivne. For som Jan Inge Sørbø påpeika i programheftet, kan eldre tekstar ha lommer av notid i seg. Dette gjeld for Vesaas’ Kimen, der massepsykosen kan lesast inn i vår tid.