Festspel
Nordvendte festspel
Maria Utsi sette eit solid kunstnarisk punktum for perioden sin som direktør for Festspela i Nord-Noreg.
Musikalen Love and the Ocean, ein av mange urpremierar under Festspela i Nord-Noreg og eit døme på korleis det nordlege perspektivet sette sitt preg på festivalen. Musikalen er laga av Andøya-baserte Nikoline Spjelkavik og Viktoria Røysing.
Foto: Roger Hennum / Foto: Festspela i Nord-Noreg
Med Maria Utsi i direktørstolen sidan 2015 har det vore ei klar vending mot det nordlege og det arktiske – eller det sirkumpolare, som er det fine ordet for alt som rører seg langs nordlege breiddegrader kloden rundt. I ei verd med større merksemd om ressurskamp, miljøproblem og minoritetar i desse områda er det eit godt utgangspunkt for kunst og kultur som vil spegle samtida.
For nord
Utsi og den vesle staben hennar har ikkje laga festspel for å bli lagd merke til i sør, men for å skape det ho kallar friksjonsfylte flater. Ho har lagt vekt på å løfte fram noko av det som rører seg i det nordlege Noreg for det nordlege Noreg. Difor har ulike samiske innslag ein markert plass. Det har det vore tradisjon for også tidlegare, men for Utsi, med bakgrunn frå Finnmark og samiske område, har dette vore viktig å halde fast ved.
Ikkje alle desse framsyningane er like minneverdige, men avslutningsballetten Margbein, koreografert av Simone Grøtte med ny musikk av Herman Rundberg, sette seg fast: kraftfull dans kombinert med autentiske lydopptak der menneske fortel om samisk identitet. Ei påminning om glede og stoltheit, men også smerte og skam.
Festspela i Nord-Noreg, 55 år i år, har også nasjonal interesse. Festivalen er den mest omfangsrike i sitt slag etter festspela i Bergen. Festivalstøtta frå Kulturrådet er på heile 12,75 millionar kroner i år. Arrangementet er viktig for kunst- og kulturarbeidarar som vil vise seg fram og utvikle seg.
Programmet i år var på heile 270 arrangement, blant dei ei rekkje urframsyningar. 750 artistar var i sving for eit publikum på 26.000. Både breidde og djupn var imponerande. Breidde er avgjerande for å sikre støtte i lokalsamfunnet, blant sponsorar, publikum og alle dei frivillige som løyser praktiske oppgåver. Så må ein slik festival lodde djupt nok for å skilje seg frå dei mange musikk- og kulturfestivalane landet rundt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.