Film

Film: «Det meste fungerer utruleg godt i Drømmer.»

Ella Øverbye og Selome Emnetu i hovudrollene som Johanne og Johanna.
Ella Øverbye og Selome Emnetu i hovudrollene som Johanne og Johanna.
Publisert

Vidaregåande-elev Johanne (Øverbye) er sikker på at ho har treft sin sjeleven og livspartnar når den nye fransklæraren Johanna (Emnetu) dukkar opp. Som med all kjærleik så er det ikkje rett fram, og til slutt må ho fortelja om opphenget sitt til mor (Torp) og mormor (Jacobsen).

Elsk

Som i Sex, den fyrste filmen i trilogien til Dag Johan Haugerud (Kjærlighet har premiere seinare i år), startar Drømmer med funderingar, denne gongen ikkje frå vaksne menn, men frå ei tenåringsjente. Dei noko pompøse orda sagt høgst oppriktig får meg fyrst til å tenka på Kaja Gunnufsen, for så å hoppa rett over i Lillebjørn Nilsen. «Alt jeg har og er, faller ned og vaskes bort av regnet.»

Det er så 16–17-årsaktig. Du er den einaste som på ekte har skjønt noko som helst, og alle andre er ganske ordinære og ignorante samanlikna med deg. Det er så gjenkjenneleg at eg får lyst å grina og le om einannan. Eg ler ikkje av Johanne, så håplaust ung og naiv, men reaksjonane til mor og mormor og dei mange feiltolkingane og misforståingane som oppstår i hovudet på dei alle tre, eigentleg. Det er så mange godt skildra situasjonar at eg blir rørt berre av handverket. Eg trur eg elskar denne filmen.

Klasse

Manusforfattar og regissør Dag Johan Haugerud har denne gongen teke eit steg vekk frå drabantbyestetikken og skildrar Oslo sentrum som Joachim Trier gjer det i filmane sine, berre etter mitt syn mindre pretensiøst, men med den same kjærleiken til hovudstaden. Gåturane Johanne tek frå nabolaget sitt med gamle bygardar ein stad (eg vil tippa det er på middelklasse-austkanten) gjennom det meir rufsete Grønland og over til kapitalisthøgborga Barcode – det er som ei reise i eit nytt Oslo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement