Film

Å sjå skogen med sjel

Japanske Naomi Kawase slår saman svevande saker med svimlande stil.

Juliette Binoche (t.v.) spelar den franske skribenten Jeanne som reiser til Japan saman med assistenten sin.
Juliette Binoche (t.v.) spelar den franske skribenten Jeanne som reiser til Japan saman med assistenten sin.
Publisert

I den vakre, skogkledde Nara-regionen i Japan held einstøingen Satoshi (Nagase) til. Han har selskap av ein hund og treffer stundom ei finurleg eldre kvinne med kunnskap om urter og eit slags klarsyn. Dit kjem den franske skribenten Jeanne (Binoche) og assistenten hennar på jakt etter ei sjeldan plante med særeigne evner. Satoshi syner sunn skepsis, men Jeanne kjem nærare på han etter kvart.

Tidsånda

Den røynde regissøren Naomi Kawase hadde sist film på kino i 2016 med Under kirsebærtrærne, ein søt film som viser kjærleik til japanske tradisjonar. Ho blir gjerne skulda for å vere sentimental, og slik kritikk kan råke Reisen til Yoshino også. Tårer trillar titt og ofte utan openberre årsaker hjå Jeanne. Ei tapt tid med sterkare band til naturen og det åndelege står sentralt. Tematikken er godt planta i sjangeren Cartman frå South Park kalla «a bunch of tree-hugging hippie crap». Ikkje at det er noko gale med det.

Endetidsteikn og klarsyn er kombinert i svevande sjelelege skildringar som ikkje følger tradisjonelle tidsliner. Jeanne seier at framtid, fortid og notid sklir over i kvarandre, og ho feller ei tåre med tanke på djupna av tusen år med japansk historie. Stundom kan publikum tvile på kva som skjer kva tid med kven. Tider smelter saman, og andlet viklar seg inn, så vi blir like tapt i omsetjing som dei to hovudfigurane kan bli mellom japansk, engelsk og fransk.

Sterk svai

Dei to berande stjernene spelar grådig godt. Masatoshi Nagase er enormt fin og får mykje ut av små fakter og djupe blikk. Juliette Binoche er alltid ein fryd å sjå. Ofte siktar kamera mot himmelen mellom vaiande tretoppar. Elles glir blikket over frodig skog som blir endå vakrare når hausten set inn. Lyden av skogen gjennomsyrar filmen. Vinden riv i knakande tre. Insekt og fuglar skapar klang. Lyddesignen er knallsterk. Det estetiske løfter det kanskje kvasiesoteriske. Røynda bøyer seg i fantasifull utforsking av japansk mystikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement