Film

Bra blodsugar

André Øvredal lagar stendig store, stramme og stødige sjangerfilmar i USA.

Larsen (Martin Furulund) og Nosferatu (Javier Botet) i den nye Dracula-filmen regissert av André Øvredal.
Larsen (Martin Furulund) og Nosferatu (Javier Botet) i den nye Dracula-filmen regissert av André Øvredal.
Publisert

Klassikaren Dracula av Bram Stoker blir film igjen. Grunnlaget er det stutte kapittelet om ferda frå Romania til England med skipet «Demeter». Etter opningsscena med det forliste skipet hoppar filmen tilbake til lossing i bulgarske Varna.

Den engelske lækjaren Clemens (Hawkins) kjem med på skipet trass i mjuke hender når Captain Eliot (Cunningham) leitar etter sterke menn. Frykta dei rumenske lossarane hadde for kasser med drakemerke, viser seg velgrunna når ei ille stelt kvinne (Franciosi) dett ut av kassene. Rykte om eit vondt vesen på båten breier seg. Monsteret er tørst på blod.

Legendestafett

Det skortar ikkje på filmatiseringar av braksuksessen til Stoker frå 1897. Nosferatu av F.W. Murnau frå 1922 var ikkje først, men den monstrøse figuren til Max Schreck står som sjefvisualiseringa. Ikkje rart Werner Herzog brukte same namn på sin film og lét Klaus Kinski kopiere landsmannen i 1979.

Bela Lugosi er like kjend for si tolking i Dracula av Tod Browning i 1931, og jamvel Gary Oldman og Christopher Lee har spelt rolla. Vampyrnerdar vassar i variantar.

Filmskaparen André Øvredal kjenner si historie og har sans for skrekk og gotiske forteljingar. Han viste stødig handverk i USA med The Autopsy of Jane Doe og Scary Stories to Tell in the Dark. Mest sprelsk var han med norske Trolljegeren. Tilbake i heimlandet kom meir norrøn mytologi i Torden. Osingen likar filmar med monster og mørke. Vi ser kvifor han er venn med Guillermo del Toro.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement