Film
Den uendelege historia
Tankskipet Tom Cruise held stø kurs i eit nytt kapittel av Mission Impossible.
Tom Cruise i den sjuande filmen som agenten Ethan Hunt.
Foto: Christian Black / Paramount Pictures / Skydance
Den hemmelege agenten Ethan Hunt (Cruise) er tilbake. Som vanleg er oppdraget det farlegaste nokosinne. Trusselen er kunstig intelligens på feile hender. Ein lyt vere lur når ein skal lure noko(n) som veit kva ein tenkjer, og kva ein tenkjer at han tenkjer, som igjen gjer at ein tenkjer ein tredje ting. Kampen er komplisert. Ferda frå actionscene til actionscene er kjend.
Cruise-industrien
Historia er som skriven av kunstig intelligens, kokt saman av liknande filmar til det sjåaren vil ha. Produsenten Tom Cruise er meir finansmann enn talentfull skodespelar. At Hunt tek oppdrag frå IMF, er artig. Vi får forklart: ikkje Det internasjonale pengefondet, men Impossible Mission Force.
Filmane er likevel ein slags transnasjonale selskap som cruisar rundt som pengefond. Ei biljakt i Roma er på plass som reklame for BMW. Vi vitjar Den arabiske ørkenen, Abu Dhabi og Venezia før Orientekspressen fer gjennom dei austerrikske Alpane, dels filma i Romsdalen. Der skal Hunt hoppe på eit tog og av ein motorsykkel frå Trollveggen.
Mykje vil ha meir
Spelelengda 163 minutt er rekord i filmserien. Ikkje rart det tek tid når Tom Cruise og Hayley Atwell skal klatre frå ei jernbanevogn til neste medan ei og ei dett ned frå ei sprengd bru i ei elv langt under. Slik heng heltane på kanten lengst mogeleg. Alt, alltid i siste tidels sekund.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.