Film

Goth nyttår, folkens!

Kor skummelt kan det eigentleg bli når ein ikkje lenger trur på det overnaturlege?

Regissør Robert Eggers har nytolka legenda om Dracula.
Regissør Robert Eggers har nytolka legenda om Dracula.
Publisert

Wisburg i Tyskland i 1839: Det unge, nygifte paret Ellen (Depp) og Thomas (Hoult) slit med marerittet hennar og hans mangel på jobb. Når han endeleg ser ut til å få kjangs på ei fast stilling, kjem ho med eit oppdrag – til Transilvania.

Grev Orlok (Skarsgård) vil skriva under på eit skøyte til ein gamal herregard i Wisburg. Thomas erfarer kjapt at greven ikkje er heilt god. Han har ikkje gode intensjonar med den føreståande flyttinga heller.

Gjenferdsyn

Han er tilbake – fælare enn nokon gong. Det skal for så vidt ikkje så mykje til, for om du tek ein kikk på filmoriginalen, laga av F.W. Murnau i 1922, så ser Nosferatu meir tullete ut enn direkte skummel (sjølv om skodespelaren festleg nok heiter Max Schreck).

I versjonen til Werner Herzog frå 1979 spelar Klaus Kinski hovudrolla, noko som sjølvsagt gjer at Nosferatu her er ufatteleg guffen, særleg i ei blodsugande scene der han nærast diar halsen til offeret sitt.

Eg vil påstå at sjåarane har vorte nokre hakk meir kravstore det siste hundreåret, for ikkje å seia storforlangande til dei grader at spørsmålet er om me lenger lèt oss skremma av vampyrar og levande daude. Vanlege dødelege menneske og alt me er i stand til å utføra av styggedom, gjer meg langt meir redd, også overført til film. Så kan den gode gamle overnaturlege skrekkfilmen ha livets rett på kino også i dag?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement