Grei galgenhumor
Den trauste tragikomedien Ingenting å le av er litt morosam og rørande.
Odd-Magnus Williamson spelar Kasper Berntsen (40), standupkomikaren som møter motgang i karrieren og får kreft i tillegg.
Foto: SF Norge
Odd-Magnus Williamson spelar Kasper Berntsen (40), standupkomikaren som møter motgang i karrieren og får kreft i tillegg.
Foto: SF Norge
DRAMA/KOMEDIE
Regi: Petter Næss
Ingenting å le av
Med: Odd-Magnus Williamson, Sara Khorami, Øystein
Martinsen
Kinofilm
Karrieren til standupkomikaren Kasper (Williamson) går på trynet, men som forteljarstemma hans seier, kan det alltid bli verre. Den dagen han får vite at han har ein nådelaus krefttype, slår kjærasten opp. Kan eit nytt morbid utsyn gje ein siste suksess på scenen?
Populærvitskap
Den mørkaste humoren er ofte den beste. Ein god lått gjer gjerne eit altfor kort liv litt meir leveleg. Desse poenga står seg godt i det som er ein publikumsfriar frå Petter Næss med ei mengd gode skodespelarar. Han er ein populær regissør som er spesielt kjend for Elling. Næss kan å trykke på tradisjonelle knappar. Det gjer han her òg.
Trygg trav
Det blir eit par irriterande moralpreiker og tjukt med strykarar. Kjærleikshistoria er formelbasert og føreseieleg. Vi kjenner spenningsbogen. Vi kjenner utviklinga av konfliktar. Vi kjenner kjenslene som kjem. Visst er det humoristiske treffarar. Visst blir ein stundom rørt. Dette er reindyrka hollywoodsk, dramatisk, romantisk tragikomedie.
Næss er ein gamal travar som veit å gje publikum det dei vil ha. I eit år med friskt kreative norske kvalitetsfilmar som Ninjababy, Gritt, Gunda, HAN og De uskyldige, kjennest Ingenting å le av overveldande traust. Nett slik skil filmen seg likevel ut. Kanskje er denne kreftkomedien akkurat det folk treng no.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Den mørkaste humoren er ofte den beste.