Film

Honnøretappen

Indiana Jones får ein verdig og underhaldande sorti etter gamal oppskrift.

Phoebe Waller-Bridge og Harrison Ford i den bokstaveleg tala siste Indiana Jones-filmen.
Phoebe Waller-Bridge og Harrison Ford i den bokstaveleg tala siste Indiana Jones-filmen.
Publisert

Indiana Jones (Ford) er i ferd med å bli lagd på hylla som pensjonist der han underviser i arkeologi i 1969, når guddottera Helena (Waller-Bridge) dukkar opp. Indy og far hennar kjempa mot tyske tjuveri av artefaktar under den andre verdskrigen i ei opningsscene som skodar tilbake.

Etter månelandinga dukkar ein gamal nazist (Mikkelsen) opp på jakt etter Antikythera-mekanismen til Arkimedes for å reise tilbake i tid og vinne krigen. Helena vil helst selje til høgstbydande, om ein berre får samla dei to delane. Indiana Jones lyt plukke opp hatten for eit siste tokt.

Forbodet mot nye idear i Hollywood held fram, men når James Mangold tar over stafettpinnen frå Steven Spielberg, er det for ein siste dans, om vi skal tru Disney. Mangold held seg til oppskrifta, men unngår nokre av dei verste fallgruvene frå gamalt av og blir neppe ståande som eit klart feilskjer på line med The Kingdom of the Crystal Skull frå 2008.

Vinnaroppskrift

Usannsynlege actionscener underheld med jamne mellomrom. Ei spinnvill biljakt i tuk-tuk gjennom tronge smug i Tanger er kjekk nok til at eg blir litt skuffa over at dei ikkje gjer like mykje ut av ein Fiat 500 i sicilianske gater.

Ingen kan stå imot det vidgjetne musikktemaet av legenda John Williams, som har akkompagnert alle filmane om Indiana Jones. Det står perfekt til kvar positive vending i ei kampscene. Etter alle møte med ein av filmane, nynnar ein på den same snutten i vekevis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement