Film
Kanarifuglen i gruva
Universell tematikk med mongolsk vri gjev ein vakker, men vel pedagogisk film.
Elleve år gamle Amra kjempar mot gruveselskapet på vegner av faren.
Foto: Storytelling Media
Gullstrupen Amra syng den tradisjonelle mongolske songen «Gullåren». Draumen er å reise til hovudstaden Ulaanbaatar for å tevle i Mongolia’s Got Talent. Faren er ein leiande figur i lokalmiljøet, men tar seg god tid med å skrive under brevet frå skulen om løyve til å vere med.
Mora verkar meir handlekraftig, og med gullsvoltne gruveselskap på frammarsj treng Mongolia slike som ho. Det skrur seg til når mannen hamnar i ei ulukke.
Kulturskulen
Gullåren går inn i ein tradisjon med å vise kulturtrekk frå land som får lite merksemd i filmar der tradisjon gnissar mot modernitet. YouTube, mobiltelefonar og gulljakt gnissar mot nomaderåd, husdyrhald og mongolske mytar.
Særeigne trekk er framheva. Skjørosten aarul, den fermenterte hoppemjølka airag og innreiinga i jurten plasserer oss trygt på dei mongolske steppene.
Alt er passande pittoresk. Landskapet er skapt for breie kinolerret, og fotografiet gjer god nytte av geiter i kveldssol. Kameraføringa speglar den urolege tida med konflikt mellom det tradisjonsrike nomadelivet og næringsinteressene til selskap med namn som Global Mining.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.