Film
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
To kollegaar, legen Marianne (Hovig) og sjukepleiaren Tor (Jacobsen), treffest tilfeldigvis på ferja til Nesodden og kjem i prat. Dei er begge utan partnar, men med sine eigne tankar om kjærleiken og kva dei gjer om han dukkar opp.
Så er det akkurat det han kanskje gjer, mens ferja og livet går sin gang.
Kjærleikens ferjereiser
Ein må vera relativt uinteressert i film om ein ikkje har fått med seg at regissør Dag Johan Haugerud har hatt heile tre filmar på kino i år. Sex kom i vår, Drømmer i haust, og no i jula kjem siste del av trilogien, Kjærlighet.
Eg er begeistra. Filmfotograf Cecilie Semec maktar gje dei tre filmane ulike uttrykk, samtidig som dei heng saman estetisk. Oslo ser både eksotisk og kjent ut på same tid, sett frå ferjeperspektiv, fjorden ser frisk og innbydande ut, og kanskje nettopp dette med vatnet og båten gjer at hovudstaden framstår som mindre jålete, meir ekte.
Tittelen siktar gjerne like mykje til kjærleiken filmskapar Haugerud har for byen, som til den kjøtlege jakta. Oslo og kjærleik med litt perspektiv er ei heldig blanding.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.