Mageplask over dammen
Atlantic Crossing er såpe og historie blanda saman på uheldig vis.
Sofia Helin og Thomas Santelmann i rollene som kronprinsparet Märtha og Olav.
Foto: NRK
Sofia Helin og Thomas Santelmann i rollene som kronprinsparet Märtha og Olav.
Foto: NRK
Historisk drama
Regi: Alexander Eik
Atlantic Crossing
Med: Sofia Helin, Tobias Santelmann, Kyle MacLachlan. NRK TV
Kva gjorde kongefamilien medan krigen stod på? Kronprinsesse Märtha (Helin) tek ungane med til USA, der dei får hjelp og husrom av sjølvaste president Franklin D. Roosevelt (MacLachlan), medan kronprisen (Santelmann) og faren, kong Haakon, er stasjonerte saman med regjeringa i London.
Roosevelt
Det er interessant å få perspektivet frå kronprinsesseståstaden, eit folkeleg innblikk i kva krigskvardag kan bety, om så for dei mest privilegerte. Sorger og suter som folk flest har, opptek også Märtha, sjølv om det ho er aller mest oppteken av, er presidenten, om eg skal tru Atlantic Crossing. Men det gjer eg altså på ingen måte. Faktisk er dei åtte episodane ein utdregen, forvirrande falske nyhende-fest der det mest engasjerande med serien er å spekulera i kva som er fakta, og kva som er reinspikka, hårreisande oppdikting.
Éin ting er filmar som seier dei baserer seg på sanninga, i denne serien vert me åtvara om at han er inspirert av sanne hendingar. Problemet er sjølvsagt at den gjengse sjåaren ikkje kan skilja skit og kanel, så kva skal ein tru på? I mitt hovud vart no kongebarna forsøkt kidnappa av den nazisympatiserande guvernanteveninna, vesle Harald var hårsbreidder frå å tygga i seg cyanid-piller som mora hadde med seg i veska under overfarten, og Franklin D. Roosevelt har aldri elska nokon høgare enn den norske kronprinsessa. Og med tanke på sistnemnde: Serieskaparane insinuerer ikkje dette, dei insisterer – trass i tallause kvinnevener var det venskapet med den norske kronprinsessa som verkeleg betydde noko.
Sann dine ord
Når eg skriv at Atlantic Crossing er forvirrande, ligg det ikkje berre på sanningsgehalten, men også på at ein så påkosta serie med skodespelarar av internasjonalt ry, massive statistmengder og dyre sett, både på lokasjon og i studio, faktisk berre er ein såpeopera. Replikkar som «jeg kan ikke stå og se på at andre er i fare» og «lov at vi holder sammen» får meg til å tenka på radioteater, og det hadde kanskje vore å føretrekka, så hadde eg ikkje måtta sjå all overdriven blyg hovudbøying eller ansiktsuttrykk som gjer ord overflødige.
Eigentleg er rollebesetninga bra, men det hjelper lite når ein skal framføra eit langdrygt manus, eller når til dømes Kyle MacLachlan spelar Roosevelt på ein måte som nærast vert parodisk. Eller stakkars diplomat Morgenstierne, som frå fyrste stund vert framstilt som ein kalkulerande, irriterande og ukul fyr. Kva med litt nyansar?
Så kan ein alltid ta diskusjonen på kor mykje kunstnarisk fridom ein kan ta seg, men ha i det minste ryggrad til å skriva: «Fri, ellevill dikting basert på livet til historiske personar», slik at det ikkje kan oppfattast som meir enn det no er: eit glatt, velpolert såpedrama ispedd viktige historiske hendingar og ei i utgangspunktet underkommunisert forteljing om kronprinsessa si dramatiske flukt frå landet, den heroiske krigsinnsatsen hennar og eit uvanleg venskap med ein uvanleg mann. Det hadde jo faktisk vore meir enn spennande.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.