Film

Musikk skal byggjast ut av einsemd

Ei klassisk historie om å ofre seg for kunsten er ei rik nerdereise i indisk musikk.

Regissør Chaitanya Tamhane valde å la musikarar vere skodespelarar i filmen.
Regissør Chaitanya Tamhane valde å la musikarar vere skodespelarar i filmen.
Publisert

Sharad (Modak) går i fotspora til far sin og gjev alt for å bli ein stor vokalist innanfor klassisk indisk musikk. Han er disippel av ein streng guru (Dravid). Dei høyrer til skulen til legendariske Maai. Med opptak av forelesingane hennar frå 1972 på øyra rullar Sharad sakte gjennom gatene i Mumbai på motorsykkel. Han er heilfrelst.

Rein raga

Ein stor vokalist som syng etter strenge ragareglar, må rekne med eit liv i einsemd og svolt, seier Maai. Den skjebnen siktar Sharad heilhjarta mot. Han skal reindyrka talentet. Forsøk på romansar renn vekk på grunn av det romantiske forholdet til dei musikalske røtene. Dei sosiale antennene verkar ikkje å vere finstilte. Når ein elev ber om løyve til å lefle med fusion, fell det i dårleg jord.

Regissør Chaitanya Tam­-
hane har valt musikarar i staden for skodespelarar. Det gjer susen for songscenene. Musikken er kjernen. I USA har ein trekt parallellar til musikarportrett som Inside Llewyn Davis og Whiplash. Det er ikkje feil, men filmen har meir interessante aspekt.

Noko av det flotte med The Disciple er at ein får fråtse i ein klassisk indisk tradisjon som for meg er framand. Mykje høyrest ut som noko eg har høyrt i bakgrunnen i indiske filmar, men ikkje tenkt over nyansane og tradisjonane til. Denne seriøse nerdinga er staseleg.

Moderne musikk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement