Film

Skjellsords år og alder

Erik Poppe har nok ein gong laga eit solid krigsdrama.

Gard Bjørnstjerne Eidsvold i rolla som Vidkun Quisling.
Gard Bjørnstjerne Eidsvold i rolla som Vidkun Quisling.
Publisert Sist oppdatert

Våren 1945: Vidkun Quisling (Eidsvold) vert ført til Møllergata fengsel i påvente av rettssaka etter at andre verdskrigen er over og rettsoppgjeret rullar opp. Det er klart for dei fleste at han ikkje kjem til å sleppa lett unna, og han får oppnemnd ein sjelesørgjar, presten Peder Olsen (Danielsen).

Det er desse samtalane, referert til i dagbøkene til Olsen og kona hans Heidi (Line Kong), som er dramatiserte i Quislings siste dager.

God og vond

Det er ikkje mange personar i verda som er så universelt lite likte at namnet deira blir eit uttrykk for handlingane dei blir hugsa for. Eg blir framleis overraska når eg høyrer engelsktalande kalla nokon ein quisling, nesten sytti år etter at han vart dømd for landssviket sitt.

Quisling har ikkje eingong stor bokstav når nokon brukar namnet som skjellsord. Og det er denne karakteren Erik Poppe har gått i over tjue år og prøvd å knekka filmkoden på. Han har sjølv uttalt at poenget ikkje er å laga noko forsvarstale for Quisling, men at også i vår samtid finst slike maktmenneske som ikkje skyr noko, og som lever med vrangførestillinga om at dei gjer det i namnet til det gode. Ein kan sånn sett raskt frikjenna Poppe for på nokon måte å vera ute etter å frikjenna Quisling.

At menneske som gjer monstrøse handlingar, framleis er menneske, med gode sider, bør me klara å ta inn over oss. Det får meg ikkje til å tenka godt om Hitler at han var glad i hunden sin, men det tvingar meg til å tenka at vondskapen går side ved side med det gode, ubehageleg som det er.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement