Film

Stilig sjølvomsetjing

Gloria Bell er ein unødvendig, men knakande kjekk og god film.

Gloria (Julianne Moore) og Arnold (John Torturro) kastar seg ut i dansen.
Gloria (Julianne Moore) og Arnold (John Torturro) kastar seg ut i dansen.
Publisert

Chilenske Gloria av Sebastián Lelio frå 2013 er ein glitrande film. No har same mann laga ein kopi av sin eigen film i USA på engelsk. Som sist er Gloria (Moore) ei dame med dansefot som ikkje spyttar i glaset. Ho har mykje med barna å gjere og vil gjerne hjelpe med barnebarn. Forholdet til mannen ho skilde seg frå for ti år sidan, er greitt, men ho er på utkikk etter ein ny, og Arnold (Torturro) gjer sitt beste for få henne.

Kvaliteten

Julianne Moore er drivande god som Gloria. Det er òg herleg å sjå John Torturro i ei rolle som er milevis frå dei meir outrerte figurane han ofte har i filmane til Coen-brørne. Båe spelar med nyansar og nerve. Her er flinke folk i alle ledd. Storregissøren Pablo Larraín er produsent, slik han var på En fantastisk kvinne, som Lelio vann Oscar for. Dei har ikkje sluntra unna på estetikk. Neonfargar og disig ljos er utført til fingerspissane. Synten siv ut mellom slagerar av disco og pop frå seine sytti- og tidlege åttiår. Dei kjem som perler på ei snor, og Gloria syng med av full hals. Forteljinga skildrar einsemd og sosialt småkjipe situasjonar, men har òg mange morosame scener og vendingar der Gloria er tøff på kosteleg vis.

Kopimaskina

Når eg les mi eiga melding av Gloria frå 2014, ser eg at ein kan seie mykje av det same om nyinnspelinga. Mange scener er reine kopiar. Her er lite nytt. Fokus på utsjånad er meir uttalt i Los Angeles, og stranda i Viña del Mar er bytt ut med bassengkanten i Las Vegas. Tittellåten «Gloria» av Umberto Tozzi er bytt ut med omsetjinga av Laura Branigan med same fengjande effekt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement