Film

Syrete moro

Musikk, tøys og fabelaktig animasjon i salig og vellukka blanding.

Knutsen og Ludvigsen leitar etter bestefaren til Knutsen.
Knutsen og Ludvigsen leitar etter bestefaren til Knutsen.
Publisert

Knutsen og Ludvigsen vert truga med utkasting frå tunnelen av den strikse Konduktøren. Dei bestemmer seg for å leita etter Knutsens beintøffe sjørøvarkapteinbestefar, men Konduktøren har ei fly forbanna syster som er oppsett på å få fatt i det som skjuler seg i tunnelen.

Animaniacs

Det er gått fem år sidan Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin drog ungar, både dagens og dei som eingong sleit ut Juba juba på platespelaren på åttitalet, til kinoen. Den opplagte oppfølgjaren måtte koma, og bra er det. Så høgt nivå på kommersielle norske produksjonar er ei glede å sjå og høyra.

Eg har ikkje noko særleg nært og nostalgisk forhold til musikken, men til og med utan at foreldra mine hadde sørgt for at platene var i samlinga heime, hoppar låtane fram frå gløymselen, av og til som små meisterstykke. Eg reflekterte heller aldri over kor mykje absurd det var i opplegget til Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen, både tekstar, utsjånad og framtoning. Såleis representerer begge filmane, som er baserte på bøkene til Øystein Dolmen, denne galskapen på nydeleg og tøysete vis.

Himmelsk

Det er endeleg ting ein kan reagera på og tenkja at er på grensa til innanfor. Lakrisbåtane som gjev positive LSD-syner, er det god ruspolitikk? At dei leitar i himmelen for å finna bestefaren, er ikkje det å gå ut frå at det er kristendommen som gjeld? Det får våga seg, og her er nok av politisk korrekte tvistar til å gjera opp for dette.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement