Film

Trim for yngre

Magnus von Horn er ein av dei spenstigaste regissørane i både Polen og Sverige.

Sylwia (Magdalena Kolesnik) er ein ung og ambisiøs fitnessinfluencer med 600.000 følgjarar på Instagram.
Sylwia (Magdalena Kolesnik) er ein ung og ambisiøs fitnessinfluencer med 600.000 følgjarar på Instagram.
Publisert

Sylwia (Kolesnik) har 600.000 følgjarar på Instagram. Ho leier store kollektive treningsøkter på kjøpesenter i polske storbyar. Alt skal på nett. Går ho opp trappa, eller lagar ho seg noko flytande næring, sender ho ein videosnutt til tilhengjarane.

Viktigast er det å dele kva gåver ho får frå Olympus Nutrition og den slags. Ho er ein vaskeekte fitness influencer. Vi møter henne gjennom nokre døgn med identitetskrise, bursdagsselskap hjå mora og møter med fans og kollegar. Det er intenst.

Strålefare

Regissøren Magnus von Horn kvir seg ikkje for å gå i djupna hjå figurar eg er skeptisk til. Det lukkast han stort med. Den djerve og lekre debuten Etterskjelv følgde ein ungdom som har gjort noko skrekkeleg. Sweat er fullstendig framand for ein filmmeldar utan smarttelefon som aldri har prøvd treningsstudio.

Alt Sylwia syslar med, slår meg som heilt meiningslaust. Likevel blir eg påverka og heiar på henne. Von Horn får meg med på laget med hjelpa til ei rågod Magdalena Kolesnik i hovudrolla. Ho strålar energi og uro. Formidlinga av eit ambivalent sjølvbilete er nyansert og sterk. Veksling mellom hylling til intense rytmar og stille einsemd byggjer opp forståinga av kjenslelivet til ei som ved første augekast liknar eit strigla skal.

Livet i rosa

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement