Film
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Ein bergensar trur nesten han er heime, når regnet fossar ned i Tromsø i januar. Heldigvis er det mykje bra å sjå innomhus på filmfestivalen medan ein ventar på betre tider.
Nokre av filmane på festivalen kjem på kino. Altså kan søringar òg gle seg. I dag kjem indiske All We Imagine as Light av Payal Kapadia, som vann juryens store pris i Cannes. Ho skildrar livet til sjukepleiarar med poetisk realisme. Filmen flyt vakkert. Skodespelarane overtyder, og ein lèt seg rive med.
Kapadia pirkar i sosiale normer knytte til kjærleik og seksualitet. Stemnemøte med muslimske menn sømer seg til dømes ikkje for hinduar. Regissøren er ikkje særleg kjend i Noreg, men Kapadia vann prisen for beste dokumentar i Cannes med den skakande og stramme A Night of Knowing Nothing i 2021. Ho brukte den dokumentariske erfaringa godt for å skape All We Imagine as Light. Etter sånn suksess med sine to første langfilmar har Kapadia ei ljos framtid.
Flukt
Dei fleste festivalfilmane kjem korkje på kino eller på nettet. Ein lyt nytte høvet. I ukrainske Under the Volcano av Damian Kocur er ein familie på ferie på Kanariøyane då det smell i 2022. Krigen heime endrar alt. Regissør Kocur har kokt opp eit smart, universelt drama. Vi kan alle bli flyktningar. Forholdet utviklar seg i familien, og mellom dei og andre, anten det er vestafrikanarar som har flykta over havet, eller russiske turistar ved nabobordet.
Som mange andre i Iran har afghanarane i In the Land of Brothers av Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi òg flykta. Den sårbare situasjonen deira blir fortald gjennom tre ulike historier med intens nerve og stramt filmspråk, i god iransk stil. To andre av titlane frå Iran kjem heldigvis på kino seinare. En liten bit av kaken av Maryam Moghadam og Behtash Sanaeeha og The Seed of the Sacred Fig av Mohammad Rasoulof hamnar truleg på mi toppliste for 2025. Rasoulof flykta då filmen var ferdig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.