Film

Fine kvinner i fin film

Eg blir både vemodig og håpefull av En kvinne i Istanbul.

Mzia Arabuli spelar fru Lia, som leitar etter niesa si. Ho får hjelp av naboguten Achi, spela av Lucas Kankava.
Mzia Arabuli spelar fru Lia, som leitar etter niesa si. Ho får hjelp av naboguten Achi, spela av Lucas Kankava.
Publisert Sist oppdatert

Den pensjonerte læraren fru Lia (Arabuli) prøver å finna niesa Tekla, men ho er ikkje lenger i Batumi i Georgia – kan henda fordi det å vera trans ikkje er heilt enkelt her.

Naboguten Achi (Kankava) kan bidra med informasjon om at niesa no er i Istanbul, og tilbyr seg å vera med som tolk og omvisar. Her prøver også menneskerettsadvokaten Evrim (Dumanli) å hjelpa både seg sjølv og andre til å få leva i fred.

Ubrutal

«Tyrkisk og georgisk er grammatisk kjønnsnøytralt», står det på lerretet heilt i starten. Denne setninga er ein interessant påminnar om kor motsetningsfylt me menneske styrer på. Ein skil altså ikkje på mann og kvinne på papiret, men i røynda er det ikkje måte på kor stor skilnad det er.

Likevel – det er noko håpefullt over den introduksjonen. Og det er noko håpefullt med heile filmen i grunnen. Eg sit, som alltid med transtematikk i filmar, med hjartet i halsen og ventar det verste. Som om eg ikkje lit på det grunnleggjande gode i folk.

Regissør og manusforfattar Levan Akin er svensk, og eg kjem i farten på to andre svenske filmar som må kunna kallast transhåpefulle: den folkelege Min pappa Marianne (2020) og den langt drygare og meir nervepirrande Noe må gå i stykker (2014). Spoiler-åtvaring: Eg hugsar eg pusta letta ut då det ikkje gjekk til helvete til slutt. Då har eg kanskje avslørt at heller ikkje En kvinne i Istanbul er av den brutale sorten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement