Bok
Finstemt og truverdig
Amalie Kasin Lerstang skriv jordnært og med glimt i auget.
Amalie Kasin Lerstang fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen som kom ut i 2014.
Foto: Kristine Helliesen
Amalie Kasin Lerstang (f. 1988) fekk ein flying start som forfattar da ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Europa i 2014. I 2018 kom diktsamlinga Vårs, ei hyllest til heimbyen Notodden, med industrihistorie og rånarkultur side om side.
Rikt er et folk som har skogen hentar også handling frå Notodden og tar opp dagsaktuelle problemstillingar kring arbeidsplassar og naturvern, det vere seg utbygging av vindkraft, nye motorvegar eller andre inngrep som set djupe spor i urørt natur.
Tett på naturen
Logopeden Eva Brattheim, ei einsleg dame i 40-åra utan annan familie enn søstera Oddveig, har nyleg flytta tilbake til Notodden med ønske om å bli verande. Det som bind henne til staden, er skogen og fjella, turløypene og alt ho kan observere av dyr og fuglar, plantar og tre.
Men denne idyllen er truga av Statens vegvesen, som har planlagt motorveg gjennom det området ho kjenner seg knytt til, og dermed gir ho seg politikken i vald i form av eit lesarbrev til lokalavisa og eit høyringsinnspel til kommunen, der ho peikar på naturens eigenverdi og på behovet mennesket har for å leve tett på naturen.
Straks ho har levert lesarbrevet, angrar ho, slik ho også angrar på at ho gjekk til kommunen og leverte høyringsinnspelet personleg til spesialkonsulent Randi Hveum, ei ho straks blir fascinert av. Denne dragninga mot Randi Hveum og ønsket om å bevare naturen i nærområdet, dannar ei slags grunnlinje i romanen som ærleg og realistisk, og med lun humor, tar opp konflikten med å vende tilbake til noko ein trudde var slik som før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.