Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Jazz/impro
Daniel Sommer/ Arve Henriksen/ Johannes Lundberg
Sounds & Sequences
Arve Henriksen, trompet og elektronikk; Johannes Lundberg, bass og elektronikk; Daniel Sommer, trommer.
April Records
Den danske trommeslagaren Daniel Sommer har sett seg som mål å fanga og dokumentera «nordisk improvisasjon» gjennom tre utgjevingar med tre ulike trioar. As Time Passes, med den engelske gitaristen Robert Luft og vår eigen Arild Andersen på bass, kom i april i år. På Lost Threads, som er ventande våren 2025, har han med seg den finske pianisten Artturi Rönkä og den svenske bassisten Thommy Andersson.
Sounds & Sequences blei spelt inn Epidemin studio i Göteborg gjennom tre møte frå mars 2022 til desember 2023. Trioen har testa ut mang ein idé, spelt inn mykje musikk og så teke fatt på ei kritisk utveljing. Resultatet er elleve «sekvensar» der mesteparten av stoffet står fram som heilskaplege komposisjonar. Her er ikkje spor av langhalm. Tittelen er såleis i overkant smålåten.
Sommer har hatt som mål å skapa dialog mellom dei akustiske instrumenta og elektronikken. Det målet har trioen nådd. Nokre gonger dominerer det elektroniske, som i den sfæriske og bergtakande «Skyggespill», andre gonger det akustiske, som i den sarte og lyriske «Hey, Superhero». Høgdepunktet er tittelkuttet med eit drivande samspel og Henriksen sylskarpt til stades.
Sjølv om dette er prosjektet er initiert og administrert av Sommer, er musikken resultatet av eit kollektivt arbeid. Truleg har musikken mognast og blitt klarare i forma ved at dei har teke seg god tid.
Det er ikkje uttrykk for sjåvinisme å hevda at ein del bidrag frå Henriksen er med på å løfta produksjonen. Ein kjenner han att frå første tone. Likevel evnar han å overraska og gjera noko forfriskande. Han er sjølve rosina i pølsa.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.