Fint nordisk samarbeid

Her er det ikkje spor av langhalm.

Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Publisert

Den danske trommeslagaren Daniel Sommer har sett seg som mål å fanga og dokumentera «nordisk improvisasjon» gjennom tre utgjevingar med tre ulike trioar. As Time Passes, med den engelske gitaristen Robert Luft og vår eigen Arild Andersen på bass, kom i april i år. På Lost Threads, som er ventande våren 2025, har han med seg den finske pianisten Artturi Rönkä og den svenske bassisten Thommy Andersson.

Sounds & Sequences blei spelt inn Epidemin studio i Göteborg gjennom tre møte frå mars 2022 til desember 2023. Trioen har testa ut mang ein idé, spelt inn mykje musikk og så teke fatt på ei kritisk utveljing. Resultatet er elleve «sekvensar» der mesteparten av stoffet står fram som heilskaplege komposisjonar. Her er ikkje spor av langhalm. Tittelen er såleis i overkant smålåten.

Sommer har hatt som mål å skapa dialog mellom dei akustiske instrumenta og elektronikken. Det målet har trioen nådd. Nokre gonger dominerer det elektroniske, som i den sfæriske og bergtakande «Skyggespill», andre gonger det akustiske, som i den sarte og lyriske «Hey, Superhero». Høgdepunktet er tittelkuttet med eit drivande samspel og Henriksen sylskarpt til stades.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement