Bok
Folk og dyr i flaumen
Ein solvarm formiddag i førre veke gjekk eg oppover langs elva, bada i kulpen, og heldt fram over høgda til setra der hestane beita. Eg sette kaffien på kok, men sløkte før han var klar. Vinden varsla uvêr, eit underleg mørke la seg over landskapet. Under knitrande lyn og valdsame torebrøl sala vi opp. Hestane hasta heimover mot Jølstravatnet, dampande varme i striregnet.
Dei verka ikkje redde, så eg var heller ikkje redd.
Ein time seinare kom flaumen dundrande nedover vegen vi hadde gått.
I fleire dagar var vi utan straum. Den grafiske romanen «Flommen» av Max Estes låg øvst i meldingsbunken. Under flakkande stearinlys fekk dei regntunge blåfargane i illustrasjonane endå fleire nyansar. Det gjorde endå sterkare inntrykk å sjå hunden Aiko kome bort frå eigaren sin i uvêret.
På leiting etter hunden møter mannen ei ørn. Om natta varslar ho om bjørnen som lurer rundt leirplassen. Venskapen mellom fuglen og mannen bergar dei begge.
Som i sakte film faldar flaumen seg ut over sidene. Dei valdsame naturkreftene syner seg ikkje berre i vatnet sine herjingar i landskapet, men også i frykta sine herjingar i fjeset til mannen. Illustrasjonane har eit stilisert, retroinspirert uttrykk som høver godt til den forenkla forma historia vert fortald i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.