Musikk
Folkemusikk i industriminne
Fyrste landskappleiken på tre år blei avvikla i ein monumental industrihall på Rjukan sist helg.
Hannah Moira Midtbø-Bruner vann Spel fele C og av Steintjønndalen-fela. Her får ho òg vete at ho får Furestipendet på 10.000 kroner.
Foto: Knut Utler
«Tre’e venda tel» var mottoet for det største folkemusikkarrangementet i Noreg i år. Mottoet speglar den noko krokete vegen denne landskappleiken har hatt: Fyrst skulle han ha vore arrangert i 2020, og så i 2021. Det tredje året – i 2022 – blei det endeleg mogleg å samla folkemusikkinteresserte frå heile landet.
For alle som har fylgt landskappleikane gjennom dei siste tiåra, var arrangementet på Rjukan eit særsyn: Hovudarenaen var Såheimhallen, ein enorm industrihall som blei bygd rett føre og under fyrste verdskrigen. Opphavleg stod det 35 Birkeland-Eyde-omnar inne i hallen. Dette var omnar som ved hjelp av ein ljosboge omforma nitrogen og oksygen i lufta til nitrogenoksidgass, som igjen blei brukt til å produsera kunstgjødsel. I 1991 ble hallen omgjord til idrettshall. Slik lokalet er utforma no, kan det romma 1200 menneske. Under fleire av tilskipingane sist helg var hallen fylt til siste plass.
Dahle-arven
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.