Bok

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.
Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje mykje tiltak i hovudpersonen. Men det er det i romanen. Hovudpersonen er ei kvinne som skulka skulen for å sitte heime og sjå reality-seriar, og som i sitt vaksne liv stort sett har halde fram med det. Mora ringer stadig for å høyre om ho har fått dreis på livet sitt, broren Thomas går same ærend, men meir avslappa. Kvinna et ferdigproduserte nudelrettar, gløymer å dusje, lèt oppvasken stå, ignorerer rekningar og avtalar med Nav, går sjeldan ut; både ho og bustaden er i forfall.

Friksjon skapar god TV

I tilbakeblikk får vi høyre om eit oppdrag ho fekk som loggar under innspelinga av ein reality-serie. Oppgåva var å følge med på kameraa som var installerte i deltakarhuset, og markere med fargar kva for relevans dei ulike hendingane hadde for klippinga. Relevans oppstod ifølge produsenten når dei oppdaga friksjon og konfliktar mellom bebuarane.

Når det første vi får vite, er at alle dei innesperra deltakarane har mentale lidingar, og at konseptet går ut på å overlate behandlingsmetodane til deltakarane sjølve, anar vi uro, for å seie det mildt. Ein er suicidal, ein har bulimi, to er rusmisbrukarar, ein har PTSD og rulleblad knytt til vald. Dei får alt dei ber om i kommunikasjonen med produksjonsteamet, sprit, øl, vin, mat, godteri, sigarettar, men held dei opp ein plakat med «Eg vil ut», er det ingen respons å få.

På grunn av komplikasjonar – for å seie det mildt – i utgangen av «showet», blir serien aldri send. Kvinna går vidare i livet og rake vegen inn i forfallet i notida. Når ho greier å skaffe seg ein slags jobb (heimanfrå), er det òg knytt til reality-konseptet, med podkastar.

Realisme og satire

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement