Bok
For den sjølvsikre lesaren
Trekk pusten, legg vekk mobilen og hald deg til teksten, så kan du få deg ei kjekk og underleg stund.
Ingvild Schade skriv om 14-åringen Karsten.
Foto: Håkon Borg
Eg føler at nokon ser på meg medan eg les Ingvild Schades (f. 1987) andre roman, at nokon følger med på meg for å sjå om eg les boka riktig. Det er eigentleg ikkje teksten i seg sjølv som er vanskeleg. Sjølv om han nok ikkje er for alle, med lange, innfløkte setningar, hyppige digresjonar og større utgreiingar om geologi og biologi, i tillegg til hopp i både tid og synsvinkel.
Problemet mitt er derimot at eg ikkje alltid forstår kva som skjer, kvifor det skjer, og kva forfattaren vil fortelje, og då blir eg nervøs. Det er sikkert ikkje Schades intensjon å ekskludere nokon, men eg kjenner meg nesten litt dum og er redd for å ha oversett noko, ein tydeleg referanse eller allusjon eller omskriving av ein gresk tragedie eller noko, eitt eller anna må ligge under, det er eg nesten overbevist om.
Men om eg ser bort frå denne frykta, kosar eg meg frykteleg (sic!) med teksten som er utruleg sprø og rik. Og uansett er det ei bragd av ein så ung og fersk forfattar å få romanen til å minne om noko klassisk. Og når eg veit om Schade at ho er ein humoristisk forteljar som er glad i å kødde litt med lesarane, kan det jo hende ho rett og slett vil skrive om overgangen frå barn til vaksen på mest mogeleg snodig og artig vis.
Assosiasjonsrik
Hovudpersonen heiter Karsten og er fjorten år, men han brukar ord som «lærerinde» og «mannekeng» og snakkar såleis som ein gammal mann, eller herre blir vel nesten meir presist. Vi er i Noreg, trur eg, men eg veit ikkje kva tid det er. Snakkar Karsten gammalmodig, eller er dette nokre tiår tilbake i tid? Begge delar er sannsynleg, og det set preg på opplevinga – det blir som å vere fleire stader, eller i fleire dimensjonar, på same tid.
Same kva tid det går føre seg i, er Karstein annleis enn jamaldringane. Han kjem ikkje overeins med nabogutane, dei snakkar nærast ikkje same språk. Dette resulterer i at han isolerer seg over lengre tid og kokar i hop ei krimgåte ved hjelp av ein ekstremt livleg, pubertal fantasi og videokameraet til faren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.